Meiningar
– Skal me få fleire til å flytte hit, må me også ha noko å flytte til
Eit tilflyttingsperspektiv
Vest-Telemark treng fleire folk. Me treng unge som vel å bli, unge og familiar som flyttar heim att, og nye innbyggjarar som ser at det er mogleg å byggje eit godt liv her. Då må me også vere villige til å ta vare på dei tilboda som gjer det attraktivt å bu her, sjølv om det kostar litt. For me ynskjer vel at folk skal busetje seg i heile Telemark?
Difor meiner eg at forslaget om å fase ut studiespesialisering, å ta bort påbygg ved Vest-Telemark vidaregåande skule, må vurderast i eit større perspektiv enn talet på ledige elevplassar og økonomi.
Fylkeskommunen skriv sjølv på si heimeside at dei mindre vidaregåande skulane i distrikta er «berebjelkar i samfunnet», og at «geografisk tilgjenge er viktig» i eit fylke med store avstandar. Det er eg heilt samd i. Nettopp derfor er det grunn til å stille spørsmål ved om det då er rett å svekkje tilbodet ved Vest-Telemark vidaregåande skule – ein skal som kjend vera særs varsam med å kutte i berebjelkar.
For ein familie som vurderer å flytte til Vest-Telemark, handlar valet om meir enn bustad og jobb. Dei er også opptekne av kva slags oppvekstvilkår barna kan få, nærleik til barnehagar, skular og vidare utdanningstilbod. Nokon har faktisk også endå høgare krav til kommunen dei flyttar til enn den dei reiser frå. Ut ifrå mi erfaring ynskjer dei fleste å flytte til noko betre enn det dei flyttar frå.
Eit lokalsamfunn kan ha ledige hus, attraktive arbeidsplassar, flott natur og gode fritidstilbod. Men dersom familien opplever at ungdommen sine utdanningsmoglegheiter blir vesentleg dårlegare ved å busetje seg på ein slik plass, blir det også vanskelegare for oss å konkurrere om å få desse folka hit til Vest-Telemark kommunane våre.
Me kan ikkje berre planlegge for nedgang i folketal
Argumentet om fallande elevtal har også ei anna side.
I distriktskommunane arbeider me nettopp for å snu utviklinga. Me brukar ressursar på bustadutvikling, næringsutvikling, rekruttering, tilflytting og slike som meg, for å jobbe iherdig med folkevekst. Me ynskjer å få unge tilbake etter utdanning, at dei som kjem hit ynskjer å bli, å få barnefamiliar til å velje Vest-Telemark.
Då oppstår det eit paradoks dersom offentlege tenester samtidig blir dimensjonerte ut frå ei forventning om at folketalet berre skal halde fram med å gå ned.
Om ein reduserer utdanningstilbodet ved Vest-Telemark VGS, vil dette kunne gjera området mindre attraktivt, bidra til svakare tilflytting og færre elevar i framtida, noko som vil treffe oss endå hardare.
Det er ein negativ spiral me bør vere svært varsame med å forsterke.
Eg håpar reknestykket om å kutte studiespesialiserande, påbygg og kombinasjonsklasse ved Vest-Telemark VGS tek i betraktning:
- Kva betyr dette for rekruttering og tilflytting til Vest-Telemark?
- Kva betyr det for ungdom som ønskjer å bli buande heime gjennom vidaregåande?
- Kva betyr det for lokale verksemder og offentlege arbeidsgjevarar som allereie konkurrerer om arbeidskraft?
- Kva signal sender me til familiar som vurderer Vest-Telemark som ein stad å etablere seg?
Heilskaplege utdanningstilbod ei viktig side av tilflyttingsperspektivet.
Med helsing
Silje Hagen
Vinjelos