Skjermdump Statens vegvesen, E134.

Vinter og farevarsel til helga

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snøfokk på fjellovergangane i Sør-Noreg på laurdag. Det kan bli kolonnekøyring på Haukelifjell.

Publisert

Meteorologisk institutt melder torsdag 12.11 at det er venta lokalt snøfokk på fjellovergangane på grunn av kraftig vind og snøvêr frå laurdag morgon.

Snøfokk gjev stadvis redusert sikt og snø som pakkar seg i vegbanen. Vegar kan bli stengde og kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.

– Skal ein over Haukelifjell laurdag kan det vere vanskelege køyreforhold med snøfokk, seier Sigrid Marie Vildskog Auganæs, som er vakthavande statsmeterolog ved vêrvarslinga i Oslo.

Ho legg til at det ikkje nødvendigvis blir stengd over Haukelifjell, men at det kan bli kolonnekøyring over enkelte fjellparti i Sør-Noreg.

Kortvarig vinter

Vildskog Auganæs seier at snøvêret på Austlandet torsdag flyttar seg nordover før det såvidt sveiper innom Telemark på veg vestover. 

– Men det blir ikkje store mengder, og fredag ser bra ut i Vest-Telemark med lite vind og nedbør i sikte.

Laurdag kjem eit lågtrykk frå nord i Norskehavet. Vêrfronten sveipar inn mot Vestlandet med nedbør. 

– Då kjem det vind og nedbør over fjellet til Vest-Telemark, og me har derfor sendt ut farevarselet om snøfokk i fjellet, seier Vildskog Auganæs.

Laurdag går snøgrensa opp frå 200 meter om morgonen til 1000 meter i løpet av laurdagen.

– Varm luft kjem inn i løpet av dagen og hever snøgrensa. Eit potensielt lågtrykk kjem så inn frå sør, og viss det treffer slik det ser ut nå, så blir det varmare att, fortel meteorologen. 

– Det blir altså ikkje varig vinter med det første?

– Nei, dette blir kortvarig, ser det ut til. Det ser ut til at det blir plussgrader i fjellet på måndag. Vinteren kjem nok tilbake, men eg kan ikkje peike ut nokon store snøhendingar per nå.

Store lokale forskjellar

Meteorologen seier det kan kome rundt 20 centimeter snø på Haukelifjell i helga. 

– Det er ikkje så mykje, men det ligg litt frå før, så til saman blir det vel rundt 40 centimeter. Og det er vel 20 centimeter som reknast som skiføre, seier ho.

Meteorologen skal sjølv køyre over fjellet, og kjem til å køyre fredag – ikkje laurdag. Farevarselet gjeld frå laurdag kl. 9 (faren aukar) til sundag kl. 9 (faren minkar).

– Det er venta store lokale forskjellar. Temperaturen har mykje å seie for køyreforholda, seier ho.

På Haukelifjell er det meldt temperaturar frå minus 8 til minus 1 grad i helga.

Meteorologisk institutt ber folk bruke rette dekk, køyre etter forholda og rekne ekstra tid til køyring. Sjåførar bør sjekke status hos transportaktørar og vegmeldingar.

– Snø og vind kan gjere det vanskeleg å røre seg utandørs. Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader, og kle deg etter forholda, står det i farevarselet på yr.no.

Powered by Labrador CMS