For Bjørg Bakke var det vanskeleg å velje utdanning.

– Eg overtenkte det meste. Vurderte tannlege, juss, ingeniør, økonomi, lege.

Då Bjørg gjekk på vidaregåande byrja den populære legeserien «Greys Anatomy».

– Eg vart litt påverka av det. Det såg veldig kult ut å vere lege!

Bjørg trefte blink på utdanninga si

– Eg trur me kan ha mange yrke gjennom livet, seier Bjørg Bakke.

Publisert

Bjørg Bakke frå Lårdal gjekk på Vest-Telemark vidaregåande frå 2004 til 2007. Nå er ho tilbake for å opne årets yrkesmesse, og for å halde foredraget «Frå fastlege til finans». 

– Eg hadde aldri kome inn på medisinstudiet om eg ikkje fekk brukt så mykje av tida mi på skule. Ja, om eg måtte gjere 10 000 andre ting i tillegg.

For Bjørg var valet om å gå på Vest-Telemark vidaregåande enkelt. Då kunne ho bu heime og ha fullt fokus på skulearbeid. Ho reagerer på forslaget frå fylkesdirektøren om å legge ned studiespesialisering og påbygg på skulen på Dalen. 

– Det er rart å foreslå noko som råkar så mange så drastisk, meiner Bakke.

Ho forstår at det er vanskeleg å prioritere for fylkeskommunen, men blir provosert av forslaget. 

– Det er provoserande fordi studiespesialisering er den breiaste kunnskapslina. Eg hadde aldri endt opp med min jobb om dette forslaget vart gjennomført før eg gjekk her. 

Bakke tenker også på familiane som ikkje har så god økonomi. Ho peikar på at eit bortebuarstipend dekker kanskje ikkje alle utgifter, og at det kan vere vanskeleg for ein familie med dårlegare økonomi å sende ungdom på hybel når dei er 15 eller 16 år. 

– Då må dei kanskje bu dårlegare, ete dårlegare, og me veit at kosthald og søvn påverkar korleis me presterer. 

– Om du bur heime er det trygt, du kan ha fokus på skulen, og om det er noko blir det fanga opp av foreldra. Dette handlar om at ungdom i Vest-Telemark skal konkurrere på same vilkår som alle andre, legg ho til. 

Dei siste åra har Bjørg vore busatt i London, men i november var ho på besøk i heimkommunen for å halde foredrag på yrkesmessa.

Visste knapt kva finans var

Sidan 2022 har Bjørg budd i London. For sjølv om ho alt på vidaregåande valde medisinstudiet jobbar ho i dag som analytikar i Oljefondet, og det er dette yrkesbyttet som ligg bak foredraget «Frå fastlege til finans». 

Å gå frå eit liv som fastlege i Lakselv i Finnmark til finansanalytikar i London, baud på eit lite kultursjokk.

– Frå eit medisinsk perspektiv var det fagleg interessant å vere lege i Finnmark. Dei har ein litt annan livsstil enn her. Det er meir action, pasientane kjem inn med store skadar og det er meir ekte medisin der, fortel Bakke. 

Ein livsstil som kan føre til ulykker og skadar – reinsdrift, skuterkøyring, jakt, fiske og friluftsliv i røff natur og klima, og ein del rus.

Bakke skildrar jobben som fastlege i Lakselv som sjukt artig.

Innimellom jobb i Lakselv og pendling til Oslo, hadde ho litt ledig tid. Jakt og fiske er det fantastiske moglegheiter for i Lakselv, men Bjørg er ikkje så interessert i det.

Nettstudiar i økonomi og leiing, derimot. 

– Økonomi gjev deg eit svar som du kan setje to strekar under. Det var litt deilig. 

Det var ikkje aktuelt å seie opp jobben som lege, men ein sommarjobb eller eit internship, det freista. På studiet hadde Bjørg eit fag om finans, men før det var finans ganske framand for legen. 

– Eg visste vel ikkje kva finans var ein gong. Men det var jo så artig!

Var det mogleg å kombinere finans og medisin?

Det viste seg at ho faktisk kunne.

For etter fleire nei på søknadar om internship hos DNB og andre, dukka Oljefondet opp som ein moglegheit. Dei var på jakt etter folk med ulike bakgrunnar. Etter åtte veker i sommarjobb hos Oljefondet i Oslo, opna moglegheita seg for ein analytisk stilling i helseteamet i London.

Dermed gjekk flyttelasset til den britiske hovudstaden. 

Møtet med finansverda vart eit lite sjokk for lårdølen. I finans var mange av olbogane spisse, kulturen heilt annleis enn ho var van med.

Ja ja, her er det berre å brette opp ermene og gønne på, tenkte Bjørg. 

Ho smiler.

– Men snart fann eg ut at det også fungerer å vere hyggeleg, god til å samarbeide og prate med folk. Det lønner seg også. 

Mange yrke gjennom livet

Sjølv om utdanningsvalet ikkje var enkelt for Bjørg, tok ho det alt på vidaregåande – og trefte blink. 

– Eg kunne ikkje valt ei betre utdanning. Legeutdanninga gjev mange moglegheiter. 

Men kva meiner ho det er lurt å tenke på for dei som står overfor sitt utdanningsval? 

– Eg trur ein må stille seg spørsmåla; kva er eg interessert i, kva slags person er eg, kva passar for meg, og kva slags liv vil eg ha? Vil du ha eit luksusliv med mange fine bilar, ja, då må du ha ei viss inntekt. Brenn du for kunst og kultur? Ja, då må du tenke annleis. 

– Me skal jobbe i mange år, og det treng ikkje vere ein jobb eller eitt yrke heile livet. Av og til oppdagar ein også noko nytt på vegen. Eg trur me kan ha mange yrke gjennom livet. 

Powered by Labrador CMS