Gaute (17) har ein jobb heile Noreg treng
Han er yngst på jobben, klatrar ned i djupe sjakter og jobbar med høgspent. No tilrår Gaute Nilssen frå Fyresdal energibransjen til andre unge.
Han likar praktisk arbeid, og han likar at ingen dagar er like. Difor valde Gaute å bli energimontør. Nå jobbar han på kraftverket til Statkraft i Vinje.
– Det er omtrent eit nytt yrke kvar dag, eigentleg. Ein er jo ofte mykje inne i fjellet, seier han.
Arbeidsdagen kan handle om alt frå mekanisk arbeid til høgspent inne i kraftstasjonen. På tilsynsrundane går han gjennom stasjonane og les av målarar. Han passar til dømes på at temperaturen på olja ikkje blir for høg eller for låg.
Ti meter rett ned
Det han hugsar best så langt, er eit oppdrag der generatoren var teken ut av kraftverket. Att var det berre eit stort hol. Gaute og kollegaene skulle ned i kjellaren for å jobbe med stillstandsvarmeomnane. Dei held generatoren varm når han står stille.
Det var trongt, og dei måtte bruke fallsikringsutstyr.
– Når ein kikka ned i holet, så var det sikkert ti meter rett ned, fortel han.
Yngst i gjengen
Med sine 17 år er Gaute den yngste av dei han jobbar saman med på kraftverket. Til vanleg tenkjer han ikkje så mykje over det.
– Men eg ser jo at dei andre har mykje meir erfaring enn meg, seier han.
Han føler seg likevel ikkje utanfor. Gaute fortel at han kjenner seg som ein del av gjengen. For han er det ein fordel å vere ny.
– Sidan eg er så fersk, kan eg lære meg vidare av dei. Er det noko eg lurer på, kan eg spørje. Det er mange flinke folk der, seier han.
– Tryggleiksfokuset er superviktig
Gaute har enno ikkje opplevd ein farleg situasjon på jobb. Han skjønar likevel godt kvifor reglane er så strenge.
– Før du skal jobbe på ein kurs, må du slå av straumen og låse han. Elles er det fare for straumgjennomgang, og det er ikkje bra, seier han.
Det same gjeld arbeid i høgda.
– Viss du ikkje gjer det ordentleg, så kan det gå veldig gale.
Han kjenner ikkje på at han har så mykje ansvar elles, men eitt ansvar ber han med seg kvar dag.
– Me må halde oss sjølve trygge og ikkje vere ein fare for andre. Det ansvaret føler eg alltid på.
Får sertifikata betalte
Framover vil Gaute halde fram som energimontør, gjerne i kraftstasjon eller med høgspent og straumnett.
Han trekkjer fram eit gode mange kanskje ikkje veit om: Statkraft dekkjer fleire sertifikat for dei tilsette, mellom anna truckførarbevis, kransertifikat for lastebilkran, beltekran og traverskran og traktorlappen for dei som ikkje har han frå før.
– Det er veldig, veldig greitt å ha, seier han.
– Eg anbefaler det
Til ungdom som vurderer yrkesfag og energibransjen, har Gaute eit klart råd. Du bør like praktisk arbeid og vere litt interessert i teori og elektro, men du treng ikkje vere eit geni.
– Du må ikkje vere heilt Einstein. Eg er ikkje den smartaste, men eg valde det likevel, seier han.
Det er òg meir variert enn mange trur, legg han til.
– Særleg i kraftstasjon er det mykje meir variert enn du trur. Det er ikkje berre elektrojobb. Så eg anbefaler det.