Øystein får Nynorsk redaktørpris
Ansvarleg redaktør i Vest-Telemark blad Øystein Øygarden, er tildelt Nynorsk redaktørpris 2026 av Mediemållaget.
– Øystein Øygarden er ein kreativ og offensiv redaktør. Han har teke avisa si inn i ei ny tid med å publisere digitalt samstundes som papiravisa framleis står sterkt. Avisa er langt framme blant lokalavisene når det gjeld å nå dei unge. Mellom anna er dei heilt leiande når det gjeld unge følgjarar på Snapchat. Her har dei mange både unge kjelder og unge brukarar, og dei formidlar nynorsk og telemarksdialekta, seier juryen mellom anna i grunngjevinga si.
Juryen meiner også at Øygarden med VTB tek vare på både identitet og røter i lokalsamfunnet, ikkje minst nynorsk språk.
– Det er utruleg stas å bli heidra for språk, det viktigaste verktøyet me har. Eg sender ein stor heider til staben i Vest-Telemark blad, seier Øygarden etter å ha fått overrekt prisen.
Øygarden har vore redaktør i Vest-Telemark blad i Kviteseid sidan 2014. Elles har han ti år bak seg i styret i Landslaget for lokalaviser. I perioden 2019–2026 var han styreleiar. No er han nestleiar i styret.
I år er det femtande gongen Mediemållaget deler ut Nynorsk redaktørpris, og føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein innsats for nynorsk som mediespråk.
(©NPK)