Fleire satsingar på lokalmat. – Om me ikkje brukar det dei produserer, sluttar dei å produsere
Eitt av tre gardsbruk står tome i Vest-Telemark. Fleire nye satsingar på lokalmat er nå i anmarsj. Ny mat-koordinator, Telemarkstallerken sommar og «Tinder-matching» skal styrke matberedskapen.
I Vest-Telemark står 500 gardsbruk tomme. 500 gardsbruk der det kunne ha vore matproduksjon.
– Bønder sit på viktig lokalkunnskap, maskiner og er praktiske. Når gardsbruk forsvinn, forsvinn også desse ressursane frå lokalsamfunnet.
Det seier Arne Bardalen, spesialrådgjevar for Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi.
– Å oppretthalde matproduksjon i heile landet i fredstid gjer at me har eit system som vil vere meir robust i krigs- og krisetid. Statsministeren har sagt at me må førebu oss på krig, så da må me også forstå kva det tyder.
Ny prosjektleiar
Tal frå Nibio viser at talet på jordbruksbedrifter i Telemark i løpet av 10 år, frå 2013 til 2023, gjekk frå 1432 til 1195. Ifølgje SSB står nå eitt av tre gardsbruk i Vest-Telemark tome.
– Det er viktigare enn nokon gong å ta vare på dei små bruka våre, seier Anne Skaug Nisi, rådgjevar i Telemark fylkeskommune.
Jordbruk er viktig for busetnad, beredskap, tilgang til mat og kulturlandskap. Korleis oppmuntre produsentar og forbrukarar til å satse endå meir på lokalmat?
Frå 1. mars er det tilsett ny mat-koordinator i Matrike Telemark. Mette Heines skal jobbe for å fremje tilgjenge for lokalmat.
– Eg ser verkeleg fram til å begynne som prosjektleiar. Telemark har eit rikt og spennande matmiljø, og eg gler meg til å bidra til å styrke samspelet mellom fylkets matprodusentar, reiselivsnæring og serveringsbransje, seier ho.
Telemarkstallerken
I samband med 200-årsjubileet for Sondre Norheim, blei trerettars «Telemarkstallerken» for første gong servert under jubileumsmiddagen på Morgedal hotell.
– Ved utvikling av Telemarkstallerken leigde me inn kokkar og lagde meny basert på lokale råvarer. Me fekk gode tilbakemeldingar frå spørjeundersøkingar etterpå, fortel prosjektleiar Monica Sølyst, frå Høgde AS.
Rjukan Admini Hotell var først ute i Telemark med signering av forpliktande avtale om bruk av konseptet. Sølyst håper at endå fleire lokale serveringsstader vil bli med på laget.
– Verda endrar seg fort om dagen. Det beste me kan gjere er å førebu oss. Me må heie meir på lokale matprodusentar. Om me ikkje brukar det dei produserer, sluttar dei å produsere, og då står det dårleg til.
Ho fortel at små produsentar kan slite med å finne fram i verkemiddelapparatet, og at dei i løpet av prosjekt Telemarkstallerken har erfart at det handlar mykje om interesse for lokalmat og personlege relasjonar mellom matprodusentar og serveringsstader.
– Når eigar av serveringsstad kjenner produsenten godt blir det litt slik; du dyrkar det du vil, så kjøper me det du lagar. Produsentmarknaden er styrt av andre mekanismar enn annan «industri» – meir ressurstilgjenge, tradisjonar og relasjonar.
Sølyst fortel at dei framover vil jobbe meir med å vere eit bindeledd, og at dei også ønsker å satse på ein enklare variant av Telemarkstallerken.
– Målet er å lansere Telemarkstallerken sommar, tilpassa kafedrift, før sommarsesongen 2026.
Samarbeid er nøkkelen
Fagansvarleg i prosjekt Telemarkstallerken, Barbro Stordalen, bekreftar at dei har fått førespurnader om å lage enklare rettar.
– Me har satsa på tre-rettars måltid til nå, men ønsker å sjå meir på enkeltrettar, og kaferettar som er meir handterlege, særleg i sommarsesongen når det til dømes er sommarvikarar på jobb.
Ho understrekar kor viktig lokale, berekraftige bedrifter rundt på gardane er for total-beredskapen.
– Me må ta i bruk meir av utmarksressursane våre til matauk og beite. Setring aukar også beredskapen.
Rådgjevar Nisi seier me treng meir lokal verdiskaping.
– Matprodusentane våre er avhengige av ei trygg og sikker omsetnad. Hotell og serveringsstader må ha vilje til å satse på lokalmat. Dei må også kunne variere menyen etter sesong.
Ho legg også til at ei felles forståing for lokalmat er lettare å få til når ein kjenner den/dei ein handlar med.
– Det er lettare å inngå avtaler og ha gjensidig lojalitet då.
Ikkje alle lokale produsentar har eit godt nettverk, og eit godt samarbeid ser ut til å vere nøkkelen til suksess. Sølyst er klar for å hjelpe.
– Nå må me prøve å «matche» fleire produsentar og serveringsstader, litt som på Tinder. Det er viktig for mattryggleiken vår.
Nisi får avslutte:
– Det bør jo også vere slik at om ein drar på ferie til Vest-Telemark, så får ein mat frå Vest-Telemark. Det er så mange historier å hente ut frå lokalmaten. Maten smaker nesten betre berre på grunn av historia.
Fakta og talgrunnlag i denne saka er innhenta og analysert av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.