Fekk ikkje vedtak: Sosialkuratoren er klar på at dei meinte det var grunnlag for omsorgsovertaking.

Sosialkuratoren om «Per» si sak: – Eg gret etterpå

– Det var ei vanskeleg sak. Me meinte me hadde tilstrekkeleg informasjon til å gjere eit tvangsvedtak, overta omsorga for dei yngste barna i familien i fyrste omgang. Men barnevernsnemnda var av ei anna meining, seier sosialkuratoren til VTB.

VTB har tidlegare fortalt historia til «Per», som voks opp i Vest-Telemark, i ein heim der kommunen visste om omsorgssvikt og der dei hadde mistankar om seksuelle overgrep. Då «Per» var 8 år ville sosial- og barnevernstenesta redde han og søsken ut av heimen, men vart nedstemde av ei samrøystes barnevernsnemnd.

Les også
Kommunen visste at «Per» vart utsett for omsorgssvikt og mistenkte overgrep. – Sanninga må bli fortalt. Den har lege under teppet lenge nok

Sosialkuratoren som var med på å krevje omsorgsovertakinga var nyutdanna den gongen, og har sidan jobba innanfor feltet gjennom eit langt arbeidsliv. Saka til «Per» er lett å minnast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nemnda var så redde for å overta omsorga, og det var ein mistillit mot oss som jobba med saka. Ingen hadde tenkt at slikt gjekk an i Vest-Telemark, seier sosialkuratoren.

Då administrasjonen ikkje fekk vedtaket om omsorgsovertaking, stod dei berre att med dei frivillige tiltaka.

– Og mor motsette seg alle frivillige tiltak.

Til slutt greidde dei å få til ei støttekontaktordning, men då hadde fire år gått sidan vedtaket i nemnda, og «Per» hadde blitt 12 år.

– Me visste at den søskenflokken hadde det forferdeleg, men me kunne ikkje gjere noko. Me burde nok ha dokumentert meir av tilhøva etter vedtaket, for det var ikkje noko betre enn det hadde vore tidlegare. Men me var heilt utslitte etter den nemndssaka.

– Eg gret etterpå

I førebuingane til saka sleit kommunen med å finne ein sakkyndig, og dei enda til slutt opp med ein dei i utgangspunktet ikkje ønskte å nytte.

– Men det var ingen andre å få tak i, seier sosialkuratoren.

Rapporten til den sakkyndige vart i tillegg forseinka, slik at dei fekk den veldig kort tid før sjølve handsaminga av saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dermed måtte me sitje oppe heile natta før nemndas handsaming for å rekke å gå gjennom rapporten og gjere ferdig vår innstilling.

Også organiseringa av sjølve handsaminga opplevde sosialkuratoren som ubehageleg.

– Ein jurist frå fylket leia saka, og la opp til at me berre vart kalla inn som vitne som skulle forklare oss. Med ein pågåande advokat frå mor opplevde me det som vanskeleg å få fram dei viktige poenga og samanhengane. Eg gret etterpå, hugsar sosialkuratoren.

– Du nemnde sjølv at formell omsorgsovertaking aldri hadde blitt gjort før. Det var vel andre tider den gongen enn det er no?

– Ja, men det tek ikkje frå nokon ansvaret for å gjere rette val. Det var så mykje grufullt i den familien, svarar sosialkuratoren.

Fekk konsekvensar for vidare barnevernsarbeid

– Saka fekk store konsekvensar for korleis me heldt fram å jobbe med andre barnevernssaker i kommunen. Det vart ikkje gjort meir etter lov om barnevern på ein lang periode. Trist, men sant, seier sosialkuratoren.

– Då ei ny sak kom og me såg behovet for å setje i gang undersøking etter barnevernlova, sa nemnda «nei». Me fekk ikkje ein gong undersøke.

I ei tredje sak fortel sosialkuratoren at dei fekk truverdige varsel om stor fare for vald frå føresette mot eit spedbarn. Då omgjekk dei nemnda og fekk henta babyen ut som eit akutt tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eitt år seinare gav nemnda babyen attende til denne forelderen. Sjølv advokaten til forelderen var sjokkert over vedtaket til nemnda, minnest sosialkuratoren.

– Det er godt at det er barnevernsamarbeid i Vest-Telemark nå og at sakene går til Fylkesnemnda for barnevernsaker.

Når det gjeld saka til «Per» meiner sosialkuratoren kommunen bør ta ansvar for det som skjedde.

– Eg håpar guten og resten av syskena får ei god erstatning.

Les også
Systemet svarar: – Dersom «Per» er ueinig i vurderinga som er gjort, er det viktig at han formidlar dette