Tapt barndom
Kommunen erkjenner erstatningsansvar for både «Per» og «Siri»
VTB har tidlegare fortalt historiene til «Per» og «Siri», som kommunen let bli buande med mor si trass i dokumentasjon på omsorgssvikt og mistanke om at det gjekk føre seg seksuelle overgrep i heimen. No har kommunestyret vedtatt at dei erkjenner erstatningsansvar for syskena.
«Per» og «Siri» vaks opp i ein kommune i Vest-Telemark på 1980- og 90-talet. Dei heiter ikkje «Per» og «Siri», men VTB kallar dei dette av omsyn til familien deira. «Per» var åtte og «Siri» tre år då administrasjonen i kommunen fremja sak for å overta omsorga for dei to. Kommunen sat då med omfattande dokumentasjon på omsorgssvikt og hadde i tillegg grunn til å mistenke seksuelle overgrep.
Men lokalpolitikarane som sat i den lokale barnevernsnemnda sa nei til omsorgsovertaking.
Før dette var kommunen noko inne i heimen med til dømes husmorvikar, men etter at ho vann i omsorgsovertakingssaka sette mor til ungane ned foten for vidare tiltak i heimen. Fleire kommunalt tilsette har overfor VTB bekrefta at tilhøva i heimen etter vedtaket heldt fram med å vere like ille eller verre enn før, men at ein «låg lågt» for å oppretthalde best mogleg samarbeid med heimen.
«Per» og «Siri» har begge valt å sende erstatningskrav til kommunen. Desse vart fyrst handsama av barnevernssamarbeidet, som stilte seg avvisande til at kommunen hadde erstatningsansvar. Sakene deira vart tidlegare i år sendt til kommunen dei vaks opp i.
Verken VTB eller syskena har fått innsyn i saksutgreiingane og vurderingane til kommunen. Dette er grunngjeve med omsynet til kommunen sin forhandlingsposisjon. Innstillinga frå administrasjonen var at kommunen ikkje har erstatningsansvar, og at ein ikkje skulle utbetale noko erstatning.
Formannskapet i kommunen vedtok at kommunen ikkje har erstatningsansvar, men etter forslag frå ein av politikarane vedtok dei med ei røyst overvekt å tilby ei billigheitserstatning på 500 000 kroner til kvar av søskena.
Så kom erstatningssakene til kommunestyret. Handsaminga var lukka, men i protokollen kan ein lese at ein politikar kom med forslag om at kommunen tek på seg erstatningsansvar for begge syskena etter skadeerstatningslova § 2.1. Denne paragrafen handlar om arbeidsgjevaren, som i dette tilfellet er kommunen, sitt ansvar for skade deira tilsette har påført andre under utføringa av tilsette sitt arbeid for arbeidsgjevaren. Dei aller fleste i kommunestyret stemte for dette forslaget.
Vedtaka inneber ikkje konkrete pengesummar. Kommunen skal etter kvart ha eit møte med «Per», «Siri» og deira advokat der utmåling av erstatningssummane vert tema.