Samla dei yngste i korpsa til musikk, fellesskap og litt magi
Laurdag inviterte Kviteseid hornmusikk unge musikantar frå Tokke, Flatdal og Seljord for å spele saman.
– I dag har me spelt saman, leika og så har det vore litt trylling, fortel Saave Viveke Solheim Straand frå Flatdal.
– Det er gøy å spele saman, og det er gøy å bli kjent med andre, fortel Roaa Hssin Al Ahmad frå Seljord.
Dei unge musikantane som er samla på Sundvang i Kviteseid denne laurdagen kjem frå Tokke, Flatdal, Seljord og Kviteseid og spelar til vanleg i korpsa sine der. Nokon av dei kjenner kvarandre frå før, og denne dagen har dei blitt litt betre kjent. Ein av tinga dei har til felles er korps. Nokon har spelt instrumentet sitt nokre veker, andre i fleire år.
Marie Lindvik frå Seljord har spelt i to år.
– Eg byrja med kornett, men nå spelar eg trompet, fortel ho.
Musikantane fortel at dei øver saman ein dag i veka, og før konsertar og andre arrangement blir det litt meir.
– Før 17. mai og slikt må me øve litt meir heime, fortel Saave.
Håpar det blir ein tradisjon
Det er dirigenten for Kviteseid hornmusikk, Merethe Jørgensdottir Reinskås, som har teke initiativ til denne korpsdagen.
Ho fortel at målet er å skape litt korpsmagi.
– Me fekk støtte frå Sparebankstiftinga DNB og er veldig takksame for det, fortel Reinskås.
– Det er fantastisk at me får støtte til dette, og me håpar det blir ein tradisjon, legg ho til.
Under konserten er det også med nokon vaksne musikantar frå hornmusikken i Kviteseid som støtte. Reinskås får ros frå dei vaksne i hornmusikken.
– Me er så glade for at ho finn på ting som dette. Ho er ein kjemperessurs for oss, seier Wenche Sørkås som har vore med i hornmusikken i mange år.
På Sundvang er til saman 22 aspirantar og juniorar frå dei ulike korpsa samla. Dei har øvd saman i løpet av dagen, og avslutta dagen med gratis konsert. Medan Birgitte Grong var dagens hovuddirigent, stod Haakon Esplo for trylling og magi.