Det er nest siste øving før 17. mai.
Men Michelle og dei andre musikantane rekk ikkje å øve på marsjering.
Dei spelar heller Kiss.
Meir enn ein fritidsaktivitet
– «I was made for loving you» er ein av favorittlåtane mine, seier Michelle mellom to munnfullar med is.
Mai er korpshøgtid, og ein skulle tru alt som stod i hovudet på Tokke skulemusikk var «Gammel Jegermarsj», taktfast marsjering og nystrokne uniformer. Men det er ikkje 17. mai-slagerar som kjem som perler på ei snor når VTB spør kva låtar musikantane liker best å spele.
I tillegg til nemnde Kiss-låt, er det filmmusikk frå the Hunger Games, Dragetreneren og Pirates of the Caribbean. Og Michael Jackson. Og Kaizers Orchestra.
Dei vaksne isetarane rundt borda i andre høgda på Tokke kulturhus er nesten like varierte som låtane dei liker å spele. Taras Shpytko kjem frå Ukraina, og er drivande god på trombone. Helga Jordan kjem frå Fitjar og spelar også trombone – men den let ho ligge sidan det er ho som svingar dirigentstaven.
Hilde Kabbe Berdalen på valthorn har si fyrste korpsøving på minst 12 år i dag, medan Solveig har vore meir aktiv på sin kornett – kanskje ikkje så rart, i og med at ho er styreleiar i skulemusikken. Sistemann blant dei heilt vaksne som er på plass i dag er klarinettisten Åsmund Rabbe – som også har to barn i sving på dagens korpsøving.
Unge tungvektarar
I andre enden av aldersskalaen er Savannah Hansen. Ho er ein av tre 8-åringar som nettopp begynt i korpset, og ho valte ikkje det lettaste instrumentet heller, i alle fall ikkje vektmessig.
– Eg ville prøve baryton, smiler ho.
I tillegg har me Ingrid Rabbe (11) som spelar kornett, og Michelle Ejiro Storli (14) som trakterer trommesettet.
– Det er peak å kunne virvle på tromme, smiler trommisen.
Det er ikkje tomt i rekkene blant dei eldre ungdomane heller. Sindre Rabbe og William Gauslå går i andre klasse på vidaregåande, og trivast med tuba og trompet. William er også med i Regionskorps Sør, og har lyst til å satse vidare.
– Det blir kanskje gardemusikken, røper han.
Tobias Gulliksen er lærling på Brunvoll Mar-El, og har mykje korpserfaring frå heimbyen Sandefjord.
– Der er det korps på kvar einaste barneskule, og kvart av dei har eit vaksenkorps i tillegg, fortel han.
Andre bollar
I Vest-Telemark er det litt andre korpstilstandar enn der Tobias kjem frå. Her kan rekruttering til korps vere ei utfordring. For trass i at korpset me besøker heiter Tokke skulemusikk, er det ikkje så mange skuleelevar med , og familien Rabbe utgjer ein fjerdedel av dagens øving. Rett nok er dei vanlegvis litt fleire enn i dag, sidan seks musikantar er på fotballkamp, men likevel er det tynt i rekkene.
I tredje klasse har elevane «korps i skulen», og der har tre blitt med i skulemusikken. Men heile vegen vidare oppover i grunnskulen og vidaregåande er det berre ein eller to med frå kvart årskull. Eller ingen.
– Eg trur folk er altfor opptatt, og at det er litt press frå andre klassekameratar, meiner Michelle. Ho er klar på kva som gjer at ho har vore med i korps sidan 3. klasse.
– Det kule er å lære noko nytt – det er ikkje mange som kan spele ein virvel på tromme. Og at ein får vener, og kan reise rundt på stemne og korps og sosialisere.
60-åring med sylvmedalje
Dei skulle gjerne vore fleire musikantar, og nå vil Tokke skulemusikk slå på stortromma for å få folk til å oppdage verdien og gleda med å vere i korps. Då passar det bra at dei har fleire ting å feire i 2026 – og at dei har fått sponsormidlar frå Statkraft til å betale for moroa. Den eine tingen som må feirast er at dei mars deltok for fyrste gong på Hjertnesfestivalen, der dei tok ein sterk 2. plass i generasjonskorps-klassa, berre to poeng bak vinnarkorpset.
– Og me var berre 13 – dei var 40, seier Solveig stolt.
I tillegg fyller skulemusikken 60 år i år, og dermed blir det både jubileumskonsert, rekrutteringskveldar med mat og leikar, spelehelgar med dyktige instruktørar, sosiale samkomer, seminar og andre sprell for både gamle og nye musikantar.
Aktiviteten som gler deg sjølv – og bygda
– Korps er fantastisk moro og me håpar at fleire har lyst til å bli med, seier Solveig, som skundar seg å forsikre om at kven som helst kan bli med.
– Korpset treng alle – kvar einaste stemme er viktig for å få ein god heilskap. Og det å oppleve den «høgare himmelen» og det fellesskapet som oppstår når me får det til å høyrast bra ut saman, er ei heilt unik oppleving som gjer at ein blir skikkeleg glad!
Korpset er dessutan noko meir enn berre ein fritidsaktivitet for den enkelte.
– Det bidreg jo også med tradisjonar, stemning og glede for heile bygda. Kva hadde 17. mai, 1. mai og jolegateopninga vore utan korpset? spør Solveig, som oppmodar folk om å koma på korpskveld på kulturhuset den 21. mai. Der blir det mat, leikar, musikk og høve til å prøve instrument. Tredjeklassingar og deira foreldre vert spesielt inviterte, men eldre barn og vaksne er også hjarteleg velkomne.
Piratkorps
For Tokke sin del me kan også legge til: Kva hadde kanalbåtankomsten vore utan korps? For tradisjonen tru vil Tokke skulemusikk ta imot kanalbåten når den legg til land for fyrste gong i år, og då blir det sjørøvarmusikk – ikkje frå Karibia, men frå Kjuttavika.
– Kanskje folk på båten kunne kle seg ut litt, ymtar musikantane frampå.
– Ja, de tenker på bunad og flagg og slikt?
– Nei, piratklede. Og så kan dei godt heise houvdskalleflagg.