Ordna 71 påskeegg til omsorgsbrukarar

Mange nissedølar får kvart sitt påskeegg som frivilligsentralen står bak.

Koronatidene gjer at Nissedal frivilligsentral i Treungen er stengt, men dagleg leiar Renate Hassel er på jobb. Nyleg såg ho at ein del frivilligsentralar rundt i Noreg deler ut påskeegg til mellom anna brukarane av omsorgssenter og omsorgsbustader. Innslaget skal vere som ein koseleg ting i desse tider der landet er i ein spesiell situasjon.

Mange: Renate Hassel (t.v.), dagleg leiar i Nissedal frivilligsentral, fekk god hjelp av Anne Johanne Berge til å pakke 71 påskeegg.

Hassel tenkte at dette må også Nissedal frivilligsentral gjere, men hadde lyst til at også både brukarane av Kåsa bu og avlasting og heimesjukepleia skulle få kvart sitt egg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I dag har frivillige Anne Johanne Berge og eg pakka 71 egg, og me har bruka eingongshanskar og sprit. Frivilligsentralen betaler størsteparten av utgiftene, og har fått supplering frå Spar og Coop i Treungen. Alt godteriet til å ha i egga blei kjøpt ferdig innpakka i papir, seier Hassel.

Ho fortel at i kvart egg er det forskjellige ting som vonleg vil gle mottakarane i denne utfordrande tida der mange blir sittande mykje aleine.

– Egga har blitt godt motteke, og det har vore ein takknemleg og koseleg dag på jobb, seier Hassel.

Tok imot: Kristina Kihle Vik (t.v.) og Helena Trontveit Fosse tok imot mange egg utanfor Mila, der heimesjukepleia held til mellombels.