Cathrine Bakken Stensrud har gjort hobby til verksemd.

Frå kjellaren sel dei 3D-printa produkt til heile landet

I kjellaren heime i Kviteseid går fem 3D-printerar nærast døgnet rundt. Hobbyen til Cathrine og Kristian har på kort tid vakse til ei eiga verksemd.

Publisert

For knappe to månader sidan starta Kristian Stensrud og Cathrine Bakken Stensrud si eiga verksemd med 3D-printing. Frå kjellaren heime i Kviteseid produserer dei alt frå ammunisjonsboksar og lampar til interiørprodukt, jolepynt og spesiallaga løysingar for kundar over store delar av landet. 

– Eg kjøpte ein 3D-printer fordi eg driv med bygg og hadde behov for å lage ulike verktøy og hjelpemiddel, fortel Kristian.

Interessa voks raskt.

– Så tenkte me at me kunne prøve å selje litt av det. Det er jo moro å halde på med. Sidan Kristian allereie har eit firma, var det eg som starta Vest-Telemark 3D som eit enkeltpersonføretak, seier Cathrine.

Éin printer vart til fleire, og i dag har dei fem maskiner i drift.

For å kome i gang oppretta dei ein nettbutikk og byrja å marknadsføre produkta på Facebook.

Kristian og Cathrine har blitt «biten av 3D-basillen», og har gjort hobbyen til business.

Kundar frå heile landet

Trass i at verksemda er heilt nystarta, har dei allereie fått kundar frå store delar av landet. Bestillingane kjem mellom anna frå Bergen og heilt nord til Alta og Vadsø.

Paret fortel at dei er overraska over kor stor interessa har vore den fyrste tida.

– Det har gått mykje betre enn me hadde trudd, seier Cathrine.

Ho reiser også rundt på messer og marknader for å synleggjere kva dei driv med og vise produkta.

– Eg trur det er viktig at dei får kjenne på tinga og ikkje berre sjå eit bilete. 

Mange av produkta er pyntegjenstandar eller praktiske ting til heimen, men dei ser også moglegheiter innan skular og institusjonar. Fleire av produkta er såkalla «fikleting», små gjenstandar som kan bidra til sansestimulering eller trening av fingermotorikken.

Gjenstandar som kan bidra til sansestimulering.

Dei har mellom anna vore i kontakt med miljø som arbeider med autisme og sansestimulering.

– Det handlar om å vise fram kva som finst og kva som kan lagast. Folk veit ofte ikkje kva moglegheitene er.

Frå drageegg til ammunisjonsboksar

I lagerskapet står både ferdige produkt og prototypar. Nokre av dei mest populære varene er dekorative drageegg med ein liten drage inni, ulike fikleting, lampar og spesiallaga boksar til ammunisjon.

– Ammoboksane har vore ein skikkeleg slagar no i jaktsesongen, seier Cathrine.

Boksane blir laga til ulike kaliber og er noko av det dei har selt mest av. Samstundes prøver dei seg fram med stadig nye produkt.

– Me lagar eigentleg alt mogleg. Det finst utruleg mange design ein kan kjøpe lisens på, og så kan me produsere dei sjølve. Samstundes prøvar me også å utvikle eigne løysingar og design.

Boksar for ammunisjon.

På nettet finst det store bibliotek med modellar for 3D-printing. Det er likevel ikkje fritt fram å selje alt som kan skrivast ut.

– Me er veldig opptekne av lisensar og opphavsrett. Mange modellar kan du skrive ut til eige bruk, men skal du selje dei, må du ha lisens.

Dei er nøye med å kontrollere kva rettar som følgjer med modellane før dei legg produkt ut for sal.

– Det er viktig at alt går føre seg skikkeleg.

Alt blir styrt gjennom datamaskina eller ein app på telefonen.

Kundane kjem også med heilt konkrete ynskje.

– Då prøvar me å få det til. Ein kunde ville ha ein spesiallaga haldar, og då sette me oss ned og designa han frå botnen av.

Andre gonger kan dei tilpasse ferdige modellar.

– Det er det som er litt moro. Folk kjem med ein idé, og så prøvar me å finne ei løysing.

Kristian fortel at ein i prinsippet kan printe nær sagt kva som helst.

– Eg kunne printa ein kano òg, berre i mange delar, seier han og ler.

Kristian viser korleis han legg inn ei bestilling til printerane i kjellaren.

Lang utskriftstid

Sjølv om produkta kan sjå enkle ut, tek produksjonen ofte lang tid.

– Ein dragefigur kan ta sju til åtte timar å skrive ut. Nokre av dei større figurane brukar 12 til 13 timar, seier Kristian.

Fordi dei har fleire printerar, kan dei fordele delane mellom maskinene og redusere produksjonstida.

– Dersom ein boks består av fleire delar, kan eg setje dei på kvar sin printer. Då går det mykje raskare.

Printerane arbeider på eiga hand når utskrifta er starta, men Kristian kan fylgje med via innebygde kamera.

Alle produkt blir laga ut frå plastsnøre, som ein kan sjå på toppen av maskina.

Miljø og kvalitet

Produkta blir laga i ulike typar plast, avhengig av kva dei skal brukast til. Kristian fortel at mykje av materialet er PLA, som er laga av plantebaserte råvarer.

– Mange spør om miljøaspektet. PLA er laga av mellom anna mais og blir rekna som eit meir berekraftig alternativ enn mykje annan plast.

For produkt som krev større styrke eller skal brukast utandørs, nyttar dei ein annan type plast. Alle produkt som skal brukast saman med mat, blir laga av plast som er godkjent for det. 

– Me er opptatt av både miljøaspektet og av å følgje lovar og reglar, seier dei.

Ein bod i kjellaren vart til produksjonsrom for 3D-produkt. Her jobbar maskinene nesten døgnet rundt.

Berre fantasien set grenser

Så langt har paret investert fleire titusen kroner i printerar og utstyr.

– Me går ikkje i null med det fyrste, seier Kristian og ler.

Målet er heller ikkje å leve av 3D-printinga.

– Me trivst i jobbane våre, så me kjem til å halde fram med dei. Dette er eigentleg berre ein hobby som har vakse seg større, seier dei.

Begge meiner det mest fascinerande med teknologien er dei nærast uendelege moglegheitene.

– Jo meir ein jobbar med det, jo meir moro blir det. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser.

Powered by Labrador CMS