Rekneskapsføraren i Kviteseid kommune har sagt opp jobben
Oksana Kharchenko har takka ja til jobb som lønsansvarleg i Vinje kommune.
Kviteseid kommune søker etter rekneskapsansvarleg i 100 prosent fast stilling etter at Oksana Kharchenko har sagt opp jobben sin til fordel for jobb i Vinje kommune.
– Eg har fått jobb som lønsansvarleg i Vinje kommune. Eg ønskjer å utvikle meg fagleg. Utover det ønskjer eg ikkje å gje fleire kommentarar, seier Kharchenko til VTB.
Ho har vore rekneskapsførar i Kviteseid i to år. Kharchenko var éin av søkjarane til stillinga som økonomisjef i Kviteseid, som tidlegare fylkesordførar Sven Tore Løkslid har fått.
Økonomisjef i Vinje, Tore Åsland, har tidlegare jobba med Kharchenko i Kviteseid kommune, og ser fram til å få ho med på laget i Vinje.
– Ho var den best kvalifiserte. Av dei ti som søkte scora ho best på CV og intervju opp mot utlysingteksten, seier han, og legg til at dei er heldige som får dyktige folk inn når dyktige folk sluttar.
Søknadsfrist på den no ledige stillinga som rekneskapsansvarleg i Kviteseid er 2. november.
Stillinga ligg rett under økonomisjef/assisterande kommunedirektør og du blir ein del av eit godt team, står det i utlysingsteksten til kommunen.