Inviterte heile bygda på kafé
Det var kjøttsuppe, sveler, basar, bruktbutikk og heimelaga varer då Kyrkjebygda oppvekstsenter inviterte til TV-aksjonskafé.
I mange år har elevane ved Kyrkjebygda oppvekstsenter arrangert TV-aksjonskafé for å samle inn pengar til den årlege TV-aksjonen.
I barnehagen, på SFO og på skulen hadde dei laga ulike varer som blei selde.
Det var fleire som ville bidra til innsamlinga. Næringslivet i Nissedal hadde gitt gevinstar til basar. Bygdekvinnelaget, helselaget og bondelaget bidrog til arrangementet, og frå lokale kjøkkenhagar hadde dei fått gulrøter, kålrot, purre og andre grønsaker til årets suppe.
Sammen for menneske på flukt
Elevane sa sjølv litt om kva TV-aksjonen er, og kva dei innsamla pengane skal bli bruka til dette året:
– TV-aksjonen er ein innsamlingsaksjon som har blitt arrangert i Noreg kvart år sidan 1974.
I 2026 går pengane som blir samla inn, til NRC, Flyktninghjelpen.
– Pengane skal bli bruka til å hjelpe menneske som er på flukt, slik at dei kan få ein trygg stad å bu, fortalde elevane.
Pengane frå årets TV-aksjon går til Syria, Gaza, Sudan, Tsjad, Afghanistan og Den demokratiske republikken Kongo.
Ungane fortalde at fleire millionar menneske er drivne på flukt frå heimane sine. Mange av dei er born.
– Det er faktisk slik at kvart andre sekund blir eit menneske i verda drive på flukt frå heimen sin, opplyste elevane.
Fekk skryt
Tove Ytterbø, fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen i Vestfold og Telemark, hadde også tatt turen til Kyrkjebygda denne dagen. Ho var imponert over innsatsen til elevane.
– Eg skryter av dykk kvart einaste år, sa ho.
Ytterbø trekte særleg fram korleis heile bygda stiller opp om TV-aksjonen i Nissedal, og meinte det passa særleg bra i år sidan mottoet er «Saman for menneske på flukt».
– De er eit kroneksempel på det, sa ho og takka for innsatsen.
I løpet av kvelden hadde det kome inn 34 000 kroner. Dermed slo dei fjorårsrekorden. Pengane sender elevane ved Kyrkjebygda oppvekstsenter til TV-aksjonen, så går dei vidare til Flyktningehjelpa for å hjelpe menneske på flukt.