Jarle fekk heidersmedalje: – Det var masse kjensler
På Røde Kors sitt landsmøte fekk Jarle Bjørge Øverland frå Seljord mykje heider og ære. – Eg fekk Røde Kors inn med blodet, fortel han til VTB.
Jarle Bjørge Øverland frå Seljord har fått Røde Kors’ heidersmedalje. På landsmøtet den første helga i oktober blei han også takka av som landsrådsleiar for Røde Kors Hjelpekorps.
– Gode vedtak er viktige, men det er menneska som skal omsetje dei til handling. Nå mistar me ein dyktig leiar og ein viktig faktor for suksess, seier Pål Christian Bakka-Frømyr, som er leiar for distriktsråd hjelpekorps Telemark.
Han fortel at Øverland har vore ei trygg støtte i distrikta.
– Eg har særleg sett pris på roa, føreseielegheita og integriteten hans. Når saker har vore krevjande, har han lytta til ulike perspektiv og respektert ansvaret som ligg lokalt. Fagkompetansen hans står også til langt over norm, seier Bakka-Frømyr.
Han peiker på at ein i vanskelege saker treng leiarar som tek bekymringar på alvor, vurderer dei sakleg og følgjer dei vidare.
– Jarle har vore ein slik leiar, seier han, og legg til at engasjementet hans for ungdom og rekruttering har vore viktig.
– Framtidas hjelpekorps treng at nye frivillige blir tekne godt imot, får utvikle seg og opplever at dei høyrer til.
På vegner av Distriktsråd Hjelpekorps i Telemark takkar distriktsrådleiaren Øverland for arbeidet, omsorga og støtta.
– Vest-Telemark kan vere stolt av innsatsen seljordingen har lagt ned. Han vil bli sakna i rolla.
Røde Kors i blodet
– Det er ei stor ære. Eg set utruleg stor pris på at dei vel å gje meg ein slik pris, den heng veldig høgt, seier Øverland.
Prisen kom overraskande på han.
– Det var masse kjensler, tårene rann, og eg fekk ikkje ut noko særleg fornuftig frå scena. Eg sa takk og tusen takk, det var det eg fekk fram, ler han.
Øverland starta i Røde Kors i 1994.
– Eg starta i ungdoms-Røde Kors, og har vore med i hjelpekorps og hatt ulike verv der sidan 1996.
Han har vore landsrådsleiar for Røde Kors Hjelpekorps i tre år. Før det var han nestleiar i tre år.
– Eg fekk Røde Kors inn med blodet. Bestefar var veldig aktiv, og det har også mine foreldre vore. Eg har sprunge rundt på Dyrsku’n frå eg var liten og hjelpt til med å parkere bilar.
– Kvar har du plassert diplom og medalje?
– Førebels ligg det på bordet heime, men diplomet skal få ramme og hengast opp på veggen. Medalja kan ein bruke i Røde Kors-samanheng, det er vanleg å bruke fortenestemedaljer på festmiddagar og liknande, fortel prisvinnaren.
Han har to fortenestediplom med nål frå før, eit frå distrikt og eit lokalt.
– Ein får ofte først eit fortenestediplom med nål før ein får ei heidersmedalje.
Øverland var bare to røyster unna ein ny periode som landsrådsleiar.
– Eg hadde håpa på ein periode til. Den nye leiaren kjem frå Haugesund, fortel han.
Øverland, som jobbar som lærar på Seljord barneskule, får nå meir tid til Røde Kors lokalt, og det ser han fram til.
– Eg har hovudansvar for Røff (Røde Kors friluftsliv og førstehjelp for ungdom 13–18 år), og så er eg knytt til hjelpekorpset her lokalt.
Lokal beredskap
– Til trass for leiarskiftet er eg optimistisk på vegner av det nye landsrådet, og håpar det klarer å følgje opp Jarle sin visjon om at me skal vere best på søk og redning, seier Bakka-Frømyr.
Samtidig påpeiker han at beredskapen i Vest-Telemark treng meir enn gode ord og applaus.
– Når nokon blir sakna i fjellet eller treng hjelp langt frå veg, er lokalkunnskap, trent personell og påliteleg utstyr avgjerande. Ingenting av dette kjem av seg sjølv. Beredskap må byggjast og vedlikehaldast. Det kan ikkje gjerast samstundes som me pantar flasker eller gjer anna dugnadsarbeid, seier han.
På landsmøtet vart det vedteke ei satsing som ifølgje Bakka-Frømyr kan få stor betyding for hjelpekorpsa i Vest-Telemark.
– Me må sikre økonomiske rammer som gjer det mogleg å oppretthalde lokal beredskap over tid. I den samanhengen fremma Drangedal og Notodden Røde Kors eit forslag til landsmøtet om føreseieleg støtte til drift, vedlikehald og kompetanse. Det er ofte lettare å få støtte til noko nytt frå eksterne gjevarar enn å få midlar til å oppretthalde det me allereie har, fortel distriktsrådsleiaren.
Forslaget frå Drangedal og Notodden vart ikkje vedteke. Landsmøtet vedtok i staden eit forslag frå landsrådet og landsstyret.
– Det fastset inga konkret ordning for driftsstøtte, men gjev eit breiare oppdrag. I perioden 2027–2029 skal landsstyret prioritere å utreie og setje i verk tiltak som styrkjer den lokale beredskapen og reduserer belastninga på frivillige, fortel Bakka-Frømyr.
Beløpa er ikkje fastsette, og korpsa er ikkje lova ei bestemt utbetaling.
– Likevel har me god grunn til å forvente at vedtaket blir følgt opp av monalege økonomiske prioriteringar, seier Bakka-Frømyr, og lovar å halde trykket oppe ved å etterspørje finansiering, framdrift og konkrete resultat.
Han seier målestokken for Vest-Telemark er enkel:
– Blir det lettare å halde køyretøya operative? Får mannskapa opplæringa og utstyret dei treng? Blir det mindre belastande å drive korpset, og får fleire moglegheit til å vere med?