Handel og aktivitet på haustmarknaden
Laurdag inviterte Dalen Næringssamskipnad til haustmarknad på Dalen.
Med over 20 standar og ei rekkje andre aktivitetar var det mykje å sjå og oppleve for dei som tok turen.
– Eg synest det er bra, eg! seier Brith Wenche Aarstad, kasserar i Dalen Næringssamskipnad.
I tillegg til standane kunne besøkjande mellom anna få med seg riding, blomsterdekorasjon og ansiktsmåling. Også fleire lag og politiske parti var representerte.
Aarstad fortel at det kan hende nokre utstillarar og besøkjande heldt seg heime på grunn av det dårlege vêret som var meldt, men ho synest likevel det såg ut til å vere godt med folk på marknaden.
– Stemninga ser god ut, smiler ho.