Vetle Mandt

Dagens jeger: – Meir lidenskap enn interesse

Dagens jeger er Vetle Mandt (23) frå Fjone.

Publisert Sist oppdatert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har jakta heile livet. På det fyrste biletet eg har av eit elgfall, sit eg i beremeis. Sidan den gong har eg vore biten av basillen. Eg merka rundt 12-årsalderen at dette er meir lidenskap enn interesse. Var med på opplæringsjakt på småvilt då eg var 14, og storvilt frå eg var 16. Eg er oppvaksen med hundar, og blei naturleg hundeførar frå då eg kunne gå aleine med våpen.

2. Kva jaktar du?

Eg har jakta desidert mest rådyr saman med nær familie. Etter kvart som åra gjekk, og eg fekk min første jämthund som 18-åring, blei det naturleg at det var moroast å få til eigen hund. Jämten er i dag fem år, og har stått for ni elgfall på fire jaktsesongar, som er ganske bra med tanke på elgstamma og kvoter i nærområdet. Elles startar sesongen med bukkejakt på rådyr i august, før bikkjetrening, elgjakt og rådyrjakt står for tur. Når kvotene er fylt kan eg slenge meg ein tur på skogsfugljakt. Deretter hare- og revejakt etter jol, for å forlenge sesongen.

3. Kva er det beste med jakta?

Det beste med å jakte må vere meistringskjensle og samspelet med bikkjene. Det ligg tallause timar med bikkjetrening og speiding i terrenget på våren og sommaren, i tillegg til å byggje jakttårn og rydde postar. Lokalkunnskap om postane og viltbestanden, og kjennskap til kvar «krik og krok», gir jakta ein ekstra dimensjon, som gjer det lettare å lykkast. Også det sosiale rundt bålet, med skrøner og gode historier, høyrer med. I jaktlaget handlar det om å byggje kvarandre gode og unne kvarandre å lykkast. Det skaper ei god lagkjensle. 

4. Kva er det mest utfordrande?

Det mest utfordrande er å få alt til å klaffe samtidig. Særleg under jakt med hund, som må vere i form og innjaga. Ein skal ha tak i riktig dyr med tanke på kvota. Vêr og vind skal spele på lag, og situasjonen skal vere forsvarleg. Det er få situasjonar der alt stemmer og ein kan løyse skot, så det gjeld å ha mange turar ute på jakt. 

5. Fått noko dyr i år?

Det har blitt eitt fall for bikkja og eitt fall for meg.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Det må vere den fyrste elgen eg skaut i stålos for eigen hund. Det minnet står utruleg høgt i kurs. Elles kan eg trekke fram eit elgfall eg var med på som 8-åring. Då fekk eg hjelpe dåverande jaktleiar med dagens planlegging. Det resulterte i fall etter kort tid. Det sit att som eit godt minne.

Powered by Labrador CMS