Silje Stykket

Dagens jeger: – Eg får vere så stille som eg klarar, men resten får eg ikkje gjort så mykje med 

Dagens jeger er Silje Stykket (24) frå Kviteseid. Ho jaktar i Svartdal.

Publisert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har vore med på jakt i seks år. Dette er mitt femte år med våpen.

2. Kva jaktar du?

Det gjeng mest i elgjakt, men eg har også vore på reinsdyrjakt nokre gonger.

3. Kva er det beste med jakta?

Det beste med jakta må vere å komma seg ut i naturen, å få eit avbrekk frå ein elles travel kvardag. Det sosiale og spenninga som fylgjer med er sjølvsagt også ein viktig del.

4. Kva er det mest utfordrande?

Det mest utfordrande er vel enkelt og greitt å få dyra på post. Eg får vere så stille som eg klarar, men resten får eg ikkje gjort så mykje med. 

5. Fått noko dyr i år?

Ikkje enno. Me fekk ein roleg start fyrste helga. Dessutan har eg jobbhelg no, så eg skal ikkje leggje skjul på at eg håpar det blir like roleg denne helga.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Eg hugsar godt då eg skaut min fyrste elg. Då fekk eg kyr, kalv og okse på post. Me mangla berre ein kalv, så eg skaut den. Kua stakk med ein gong, men oksen blei verande igjen ei lita stund. Då var det berre å få fram telefonen, for å få han på film.

Powered by Labrador CMS