Kjetil Solstad

Dagens jeger: – Det er fint å kose seg ute saman med resten av jaktlaget

Dagens jeger er Kjetil Solstad (45) frå Øyfjell.

Publisert Sist oppdatert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har vore med på jakt sidan eg var ti år, så om lag 35 år.

2. Kva jaktar du?

Eg jaktar stort sett elg og hjort, men har vore på reinsjakt to gonger.

3. Kva er det beste med jakta?

Det er å koma seg ut i naturen, nyte stilla og sjå etter dyr. Det er fint å kose seg ute saman med resten av jaktlaget.

4. Kva er det mest utfordrande?

Det må vera å plukke ut dei rette dyra, for å ikkje skyte for hardt ned på stamma. Det er viktig for å sikre ei god jakt også i åra som kjem.

5. Fått noko dyr i år?

Me har fått tre av fem elg så langt. Ikkje noko hjort enno.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Då eg hadde med den eldste sonen min for fyrste gong på post. Då hadde han akkurat fylt 16 år og hadde fullført jegerkurset. På sin fyrste dag, på sitt fyrste driv, skaut han sin fyrste elg, som var ein fin åttetaggars elgokse.

Powered by Labrador CMS