Anne Lene Skårnes og sonen Ole Skårnes Skogsfjord (5 år).

Dagens jeger: –  Fine naturopplevingar, pølsebål og samhald i laget

Dagens jeger er Anne Lene Skårnes (36) frå Flatdal.

Publisert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har vore med å jaga sidan eg var lita. Jegerprøva tok eg i 2011.

2. Kva jaktar du?

Elg og hjort.

3. Kva er det beste med jakta?

Fine naturopplevingar, god trening, pølsebål og samhald i laget. Ein er avhengig av både liten og stor for å jobbe saman og få dyra fram til posten. Og så er det spenninga – kanskje dukkar det opp eit dyr på posten.

4. Kva er det mest utfordrande?

Det er ikkje alltid så lett å sjå om det er rett dyr som dukkar opp på post. Ein har i tillegg liten tid på å avgjere om dyret er på kvoten.

5. Fått noko dyr i år?

Me fekk ikkje dyr fyrste helga. Men det blei sett elleve elgar, så det er iallfall mykje elg på Mælefjell.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Mitt best minne er då eg skaut min fyrste elg i 2012.

Powered by Labrador CMS