Kvite rundballar med blå bokstavar står framfor skogkledde åsar.
Rundballane er med på å setje søkjelys på behovet for fosterheimar.

Tre barn treng fosterheim i Vest-Telemark

– Me ønskjer at dei skal få bli her, seier Gunn Annie Hellestad i Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark. 

Publisert

Tre barn i barnehage- og småskulealder treng fosterheim i Vest-Telemark. Barnevernet håpar å finne familiar i nærområdet, slik at barna slepp å flytte langt frå det kjende miljøet sitt, melder Bufetat og barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark i ei pressemelding.

I Seljord har bonde Lars Halvor Byberg stilt rundballar til disposisjon for ein kampanje som skal få fleire til å vurdere å bli fosterforeldre.

På rundballane er nettadressa fosterhjem.no måla med store bokstavar.

– Me høyrer ofte at folk seier: «Me ser dykk overalt, til og med på rundballane», fortel Bente Jensen Hoppestad i Fosterheimstenesta.

I fjor måla Fosterheimstenesta bodskapen på over 780 rundballar, fordelte på meir enn 60 rundballsett rundt om i regionen. Nå har talet passert 1 000 rundballar.

Ifølgje Hoppestad har kampanjen fått merksemd. Mange av dei som har teke kontakt med Fosterheimstenesta det siste året, fortel at dei har lagt merke til rundballane.

Tenesta melder også om ein auke på 24 prosent i talet på familiar som ønskjer å gå vidare i prosessen med å bli fosterheim, samanlikna med året før.

Når eit barn ikkje lenger kan bu heime, inneber det ei stor omvelting. Dersom barnet i tillegg må flytte langt unna, kan det miste kontakten med vener, skule og andre kjende delar av kvardagen.

Difor ønskjer barnevernet og Bufetat å finne fosterheimar så nær det opphavlege nærmiljøet som mogleg.

– Tenk om det var eg som måtte flytte, og alt var ukjent! Ein skal ikkje ha veldig god fantasi for å sjå føre seg at dette vil vera krevjande for barn og unge, seier Hoppestad.

Når behovet for ein fosterheim oppstår, blir det fyrst undersøkt om det finst aktuelle vaksne som barnet kjenner frå før. Det kan vera slektningar, vener av familien, foreldre til kameratar eller andre vaksne barnet har eit forhold til, til dømes trenarar eller leiarar i fritidsaktivitetar.

Fosterheimstenesta understrekar at det ikkje finst éin bestemt familietype som passar til å vera fosterheim. Både einslege, par og familiar med eller utan eigne barn kan vera aktuelle. Det er også behov for fosterheimar med ulik kulturell bakgrunn, tru og livssyn.

Hoppestad opplever at mange avskriv seg sjølve som aktuelle fosterforeldre utan å ha undersøkt kva oppgåva inneber.

– Mange trur dei ikkje passar som fosterheim, men ofte viser det seg at dei har meir å tilby enn dei trur, seier ho.

Fosterheimstenesta arrangerer jamleg korte, digitale informasjonsmøte der interesserte kan få svar på spørsmål. Møta er uforpliktande.

Powered by Labrador CMS