Meiningar
Som foreldre og vaksne må me vel kunne spørje: Har me sovna totalt, heile gjengen?
Som heimatkomen lokal sø er det både trist og litt skremmande å sjå på det som skjer i bygda vår akkurat nå. Pekeleiken og splittelsen har begynt, og frå den vinkelen eg sit på, gjer det vondt. Eg skriv ikkje dette for å heve meg over nokon eller leike besserwisser – eg kjenner på det sjølv au. Eg elskar Fyresdal og synest det er den vakraste bygda som finst, men eg merkar kor lett det er å bli ståande på utsida og dømme, i staden for å bidra til noko betre. Dynamikken me opplever no, er fæl, og den råkar oss alle.
Det er inga hemmeligheit at det har vore store uenigheter om etableringa av datasenteret og alt som fylgjer med. Men det er nå eingong slik at majoriteten av innbyggjarane her har stemt fram dette. Likevel er samfunnet vårt – og her må eg inkludere meg sjølv au – i ferd med å bli like lukka som den gjevaste Zip-lock-posen på IKEA. Det er ikkje berre enkelt å kople seg på att, og terskelen for å opne døra for det som er nytt, er høg for oss alle.
Datasenteret har arbeidsfolk frå mange ulike plassar – norske, danske, svenske, polske, engelske, spanske, irske og asiatiske. Dei jobbar beinhardt, vekk frå familie og venner, for å gjere ein jobb dei er spesialistar på. Korleis blir dei mottekne i bygda vår? (Unnskyld, men den er faktisk litt mi au.)
Me sit så altfor lett og skyt på «datasenterfolka» som ikkje klarar å innrette seg etter vår kultur, og henger oss opp i bagatellar. Samtidig blir det hysja ned og verna om at lokal ungdom køyrer heim midt på natta med alkohol i blodet. Kva i alle dagar er det me held på med? Utanfor puben heng det 14-åringar som vil inn. På Molandsmoen har me ein døgnåpen butikk der ungdomsskulejenter avtalar «date» på sosiale medier med utanlandske trailersjåførar. Som foreldre og vaksne må me vel kunne spørje: Har me sovna totalt, heile gjengen?
Og kor er planen til kommunen for korleis me skal ta imot nye folk på ein respektfull og trygg måte? Trur me verkeleg at heilt vanlege folk inviterar seg sjølv på quiz som berre er på norsk, eller dreg i gang ein vennskapelig fotballkamp, i ein fleirbrukshall dei kanskje ikkje veit om eingong, på eige initiativ?
I staden for å inkludere, lèt me misunnelse og jantelov vinne. Å skape trygge, gode relasjonar skjer ikkje av seg sjølv – det har me vel sett nok døme på etter berre to helger med open pub.
Det er ikkje «dei mot oss». Om du ikkje likar datasenteret, så bruk stemmeretten din når det er val. Ikkje slå ned folk på puben eller sleng drit til folk du ikkje kjenner.
Dette er ein felles dugnad. Lat oss vise kven me i Fyresdal eigentleg er: Inviter dei heim på middag eller kortspel. Ta med gjengen og spel fotball med dei, tips om dartklubben, eller ta dei med på ein gåtur i den sinnsjukt fine naturen vår. Eg skal gjere mitt beste for å bli flinkare til dette sjølv au. Men har prøvd både det eine og det andre, og det har vore våde vellykka og mindre vellykka
Neste gong me møtest på puben har me noko å preke om, og kven veit – kanskje me endar opp med å få ein ny venn.
Opne augene, lat oss ta ansvar saman!
Marie Hvistendahl