Tysdag skal kommunestyret handsame jordmorsaka:

To menn sit saman i eit møte, med ein trevegg i bakgrunnen.
Kommunedirektør i Vinje Jan Myrekrok

Kommunedirektøren vil ut av samarbeidet, men oppvekstutvalet vil halde fram

Kommuendirektøren rår til at Vinje går ut av jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, medan oppvekstutvalet vil halde fram. Tysdag skal kommunestyret i Vinje handsame jordmorsaka.

Publisert Sist oppdatert

Sidan 2018 har jordmødrene i fire av kommunane i Vest-Telemark hatt Vinje kommune som arbeidsgjevar. Desse fire har vore Vinje, Seljord, Fyresdal og Kviteseid.

Saman med Tokke kommune har jordmorsamarbeidet også bemanna sjukehuset si jordmorvakt i Seljord. Jordmorvakta er ei lovpålagd beredskaps- og følgjeteneste for gravide og fødande med lang reiseveg. Stillingsressursane på vakta i Seljord gjer at alle kommunejordmødrene kan ha 100 prosent stilling, trass i relativt låge fødselstal.

Vakta i Seljord hadde fram til april i år ansvar for desse fem Vest-Telemark-kommunane, men i april blei ho utvida. Då fekk vakta også ansvar for beredskaps- og følgjeteneste for Tinn kommune, etter at kommunedirektøren i vertskommunen Vinje hadde signert ein revidert avtale med Sjukehuset Telemark som omfatta denne endringa.

Endringa i avtala med sjukehuset vart ikkje lagt fram til politisk handsaming, men etter initiativ frå dei folkevalde blei utvidinga av vaktområdet likevel tema i fleire kommunestyre. I løpet av våren 2026 blei det gjort vedtak mot vaktutvidinga i Fyresdal og Tokke, og etter kvart også i vertskommunen Vinje.

Vinje-vedtaket gjorde at Myrekrok sa opp avtala med sjukehuset om at jordmorsamarbeidet bemannar jordmorvakta.

Etter dette har avdelingsleiar for jordmorsamarbeidet Helene Mølster Byggland sagt opp stillinga si; ho har no fått ny jobb i Tinn kommune.

Vil avvikle samarbeidet

Ordninga ein har hatt i Vest-Telemark sidan 2018 har blitt omtalt som ei suksesshistorie i fagmiljøet. Blant fordelane som blir trekte fram er større fagmiljø, høve til hospitering på sjukehuset, heile stillingar og betre samanheng mellom kommunale jordmoroppgåver og sjukehuset si beredskaps- og følgjeteneste.

Men jordmorsamarbeidet har ikkje vore heilt knirkefritt.

«Erfaringane frå samarbeidet om kommunale oppgåver syner at den enkelte tilsette jobbar mest for, og i, sin «eigen» kommune i tillegg til vakt, og det er ein terskel for å møte opp til oppdrag i ein annan kommune i samarbeidet. Ved feriar, sjukdom og anna fråvær his jordmorressursen, må ein i korte periodar stø seg på andre ressursar som helsestasjonsteneste og legeteneste. Ei vidareføring av det interkommunale samarbeidet saknar såleis sterke argument,» skriv kommunedirektør Jan Myrekrok i saksutgreiinga til kommunestyret i Vinje.

Med usemja om Tinn friskt i minne, tilrår han derfor følgjande vedtak:

a) Vinje kommune går ut av jordmorsamarbeidet 31. oktober 2027.

b) Vinje kommune gjer ein direkte samarbeidsavtale med Sjukehuset Telemark om beredskap og følgjeteneste for å sikre rekruttering av jordmorkompetanse for framtida, og kunne tilby ei 100 prosent stilling.

OVU vil halde fram

Oppvekst- og velferdsutvalet  handsama jordmorsaka i sitt møte den 29. september. Dei var ikkje samde i kommunedirektøren si tilråding, og med fem mot to røyster vedtok dei dette framlegget frå Kjersti Kaasa (SV):

  1. Vinje held fram som vertskommune i jordmorsamarbeidet.

  2. Kommunedirektøren skal arbeide for å vidareføre samarbeidsmodellen. Vinje sitt primære standpunkt er at Tinn ikkje skal inngå i vaktområdet.

  3. Dersom sjukehuset held fast ved Tinn, skal ny avtale sikre kapasitet ved samtidige oppdrag og gje oss statistikk. Avtala skal til politisk handsaming før ho blir inngått.

  4. Kommunedirektøren skal sørgje for at ordninga blir evaluert i samarbeid med kommunane og Sjukehuset Telemark etter eitt års drift

Kommunestyret i Vinje handsamar jordmorsaka tysdag 13. oktober.

Powered by Labrador CMS