Marie saknar talkshow på TV. Nå lagar ho sitt eige
Marie Tveiten har fått med seg profilane Olli Wermskog, Magnus Devold og Ole Martin Alfsen i Tveitenshow.
Sundagskvelden publiserte NRK.no Tveitens kronikk om Talkshow-døden. «Eg vil på talkshow! Men kor har dei blitt av», opnar artisten frå Seljord/Fyresdal med. Ho poengterer at det ikkje fyrst og fremst er ein kronikk om at akkurat ho burde få vere på TV.
– Men eg skal innrømme at spørsmålet oppstod fordi eg gjerne skulle vore det, skriv ho.
Marie Tveiten har nettopp gjeve ut sitt fyrste album og har plateselskapet Sony i ryggen.
– Tidlegare var det «fast track» inn på slike TV-program, men slik er det ikkje i dag.
Det finst ikkje lenger ein TV-sofa der artistar får vise seg fram. Før var det Senkveld, Skavlan og Lindmo. I dag har realityprogramma tatt over, meiner ho.
– Må eg tømme utedoen på ein veglaus gard med kjendisar for at nokon skal oppdage meg og musikken min? spør Tveiten i kronikken.
Ho har fått mange tilbakemeldingar på ytringa og registrerer at det er stor semje om at talkshowa er sakna.
– TV trur me er litt dummare enn me er. Me likar dei gode samtalene, seier ho til VTB.
Men nå skal ho på TV. Eller, ho skal i alle fall ha sitt eige talkshow på sosiale medium. «Tveitenshow» har premiere på tysdag. Det blir to episodar i veka i tre veker. Showet er altså både kulturpolitisk kommentar og marknadsføring av henne sjølv.
– Eg er ein person som er opptatt av kva me kan gjera, og tenkte eg får heller lage det sjølv, seier Tveiten om ideen.
Kjende fjes på Torshov
Ho kjenner Olli Wermskog, kjent frå TV-programmet Kongen befaler, og dei bur båe på Torshov. Han sa umiddelbart ja til å vera programleiaren i Tveitenshow – eit program Marie er fast gjest i.
– Eg kjenner så vidt Magnus Devold som også bur på Torshov. Eg ringte han torsdag om han kunne vera med på måndag, og han sa også ja. Og så måtte eg ha med ein kokk, og då fekk eg ja frå Ole Martin Alfsen (kjent frå 4-stjerners middag), fortel Marie.
Alle møtte opp, utan manus – men med ein stor dose humor. Devold spelar seg sjølv, men har også andre roller i showet – mellom anna som pappa Dagfinn Tveiten.
– Han prøvde seg på dialekt, det gjekk slik passe bra, seier Marie med eit smil.
– Det er viktig å tenke utanfor boksen. Tidlegare har eg vore betre på idé enn gjennomføring, men nå har eg blitt betre på å fullføre ideane. Og eg synest det er veldig moro å få vere kreativ, seier ho.
Det var ho sjølv som kom opp med ideen om Tveitenshow, som ho igjen håpar gjer at fleire får augo opp for musikken. Og det er alt mange som har fått med seg låtene hennar som ofte er å høyre på riksdekkande radio.
– Eg blei gjenkjent på ein loppemarknad!
Marie gjekk med capsen som det står «Ein å kvile augo på» på, sin eigen «merch». Låta har fått mykje merksemd.
– Då var det ein som peika på meg, og sa han elska den låta.
Talkshow og reality
– Kva talkshow ville du helst vore med i?
– Lindmo, tenker eg.
– Eller, om eg får velje heilt fritt: Skavlan sjølvsagt!
– Og om du måtte ha valt eit realityprogram?
– Eg ser jo på reality, og synest Forræder er kjempespennande. Og eg forstår at folk er med på 71 grader nord for opplevinga. Men om eg skulle vore med så hadde det ikkje vore for å promotere meg sjølv, seier Marie «Tveitenshow» Tveiten.