Svein Straumsnes.

Svein meiner det blir nedtur å reise vekk frå heimbygda om sommaren 

Publisert Sist oppdatert

Namn: Svein Straumnes 

Alder: 73

Bur: Vrådal 

Gjer: Driv turistkontor, er handverkar og pensjonist

Kva er planane dine denne sommaren?

Jobbe heile sommaren. 

Har du eit sommarminne du vil dele?

Etter 70 år med somrar er det vanskeleg å velje bare eitt minne. 

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

Når barnebarna og familien kjem hit på besøk. Dei har vore her i sommar og kjem snart att. 

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

Svein ynskjer at de skal vere fint i Vrådal sentrum.

Halde det fint og i orden i sentrum og syte for at blomstertårna blir vatna.

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

Då ville eg reist på fjorden, på Nisser. Eg reiser ikkje vekk frå Vrådal på sommaren for det blir bare nedtur. 

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

Eg ville tatt dei med på kanotur på Nisser. 

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?

«Let att dynni».

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

Eg vil sende ei sommarhelsing til særbuaren min på Hamar.

Powered by Labrador CMS