Statsforvaltar Per Arne Olsen er død

Statsforvaltar Per Arne Olsen i Vestfold og Telemark er død, opplyser assisterande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad til NRK.

– Per Arne sovna inn på sjukehuset i natt etter kort tids kreftsjukdom. Han vart 61 år gammal, seier Syrstad til kanalen.

Olsen har vore statsforvaltar sidan 2019. Han har tidlegare vore andre nestleiar i Frp og var ordførar i Tønsberg frå 2003 til 2009.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 2009 til 2013 var han stortingsrepresentant og var mellom anna medlem av helse- og omsorgskomiteen. Frå 2016 var han fylkesmann i Vestfold.

Frp-leiar Sylvi Listhaug hyllar Olsen.

– Det er med stor sorg vi har fått beskjed om at Per Arne Olsen har gått bort så altfor tidleg. Per Arne har hatt mykje å seie for Frp som folkevalt, tillitsvald og tilsett i tiår, seier ho.

– Han var ein humørspreiar og ein fantastisk politikar, vel respektert i alle parti og blant folk. Hans pågangsmot, livsenergi og kloke personlegdom vil bli djupt sakna. Våre tankar går til Lise og resten av familien, seier Listhaug.

(©NPK)