Søndag er det igjen klart for TV-aksjonen. Dette biletet er frå i fjor, då inntektene gjekk til Barnekreftforeningen.

TV-aksjonen manglar bøsseberarar: – Kritisk behov

(NPK-NTB): Fire dagar før TV-aksjonen i år er det kritisk behov for at fleire melder seg som bøsseberarar. Faktisk trengst det dobbelt så mange til.

Publisert

Ea Kristine Bakken ved Vinje frivilligsentral melde tysdag at dei har mange ledige roder i kommunen. Dei hadde då fått tak i elleve bøsseberarar. Torsdag hadde talet auka til 17, men det manglar 38 bøsseberarar.

– Åmot skulekrins har me fått tak i 8 bøsseberarar av totalt 25 rodar. Edland skulekrins; 6 bøsseberarar av 12 rodar, og Rauland har me fått tak i 3 bøsseberarar av 18 rodar. 

I heile landet er til saman 30 000 menneske klare for å gå med bøsse for TV-aksjonen og NRC Flyktninghjelpens arbeid for menneske på flukt.

Men for at alle heimar i landet skal få ein bøsseberar på døra søndag 18. oktober, trengst det 60 000 bøsseberarar til, opplyser Flyktninghjelpen i ei pressemelding tysdag.

– Me har kritisk behov for fleire bøsseberarar. For at alle skal få besøk av ein bøsseberar på døra, må fleire melde seg til årets viktigaste søndagstur, seier generalsekretæren til organisasjonen, Jan Egeland.

– Ved å gi to timar av tida di kan du utgjere ein forskjell for ein familie på flukt. No håpar eg folk klikkar seg inn på tvaksjonen.no og blir med på dugnaden, seier han.

TV-aksjonen 2026 går til NRC Flyktninghjelpen. Midlane skal gi menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og Kongo ein trygg heim og håp for framtida.

– Tusen takk til alle som har meldt seg som bøsseberarar til no, seier leiar for TV-aksjonen, Nina E. Larsen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS