Dagens jeger: – I år håpar eg at jentungen skal få moglegheita
Dagens jeger er Thor Odd Øigarden (37) frå Fjågesund.
1. Kor lenge har du jakta?
Har jakta heilt sidan eg var liten gutunge. Då gjekk eg mest og dreiv.
2. Kva jaktar du?
Det går mest i hjort og elg, men også rådyr.
3. Kva er det beste med jakta?
Det beste er eigentleg heile opplevinga – å komme seg ut i naturen, spenninga og det å sitje og vente på at noko skal skje.
4. Kva er det mest utfordrande?
Å få ungane til å vere stille i alle timane me sit ute og ventar på dyr.
5. Fått noko dyr i år?
Eg har ikkje felt dyr i år. I år håpar eg at jentungen skal få moglegheita som førstegongsjeger, med eiga børse. I laget har me felt både elg og hjort.
6. Kva er ditt beste minne frå jakt?
Det er mange gode minne, men dei gongene ungane får vere med og oppleve eit fall, er nok noko av det eg set aller mest pris på. Det å sjå spenninga og gleda deira når dei får oppleve det.