Fyresdølen rangerer sigeren høgt.

Tarjei (17) nådde målet om siger

Tarjei Røed Momrak frå Fyresdal gjekk til topps i klassa si under NM i terrengløp i helga.

Publisert

– Målet mitt var å vinne, seier Tarjei.

Laurdag 10. oktober stilte han i G17-klassa under NM i terrengløp, lang løype, i Bokemoa i Stokke. Løpet var på litt over tre kilometer, fordelt på to rundar i ei terrengløype med både opp- og nedoverbakkar.

Vêret baud ikkje på dei beste forholda.

– Det var vått og kaldt. Etter den fyrste runden var det så kaldt at eg ikkje kjende låra mine. Eg trudde eg hadde stivna, men etter kvart gjekk det betre, fortel han.

Han heldt farten oppe og kom fyrst i mål i si klasse på tida 10:25. Sjølv var han ikkje sikker på resultatet med ein gong.

– Det var nokon framfor meg, men eg visste ikkje kva for klasse dei sprang i, så eg blei glad då eg fann ut at eg hadde vunne klassa mi, seier han. 

Heng høgt

Tarjei rangerer sigeren høgt blant prestasjonane sine så langt.

– Den er langt oppe der. Kanskje øvst. Eg trur ikkje eg har gjort noko betre, seier han.

No ventar eit kort treningsavbrekk før han startar opp att med vintertreninga.

– Eg har lyst til å trene godt gjennom vinteren for å gjere det bra til våren att, seier han.

Planen er å auke treningsmengda med eit par ekstra økter i veka, og liggje på rundt ni til ti treningstimar og rundt 100 kilometer i veka, fortel han.

Powered by Labrador CMS