Marianne Trydal Askje

Dagens jeger: – Det beste med jakta er det sosiale og det å vere ute

Dagens jeger er Marianne Trydal Askje (36) frå Skafså.

Publisert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har vore med på jakt sidan eg var om lag 10 år. 

2. Kva jaktar du?

Eg jaktar mest elg og hjort, men har også jakta rein og rype/storfugl.

3. Kva er det beste med jakta?

Det beste med jakta er det sosiale og det å få vere ute. I tillegg er det spennande.

4. Kva er det mest utfordrande?

Vêr og vindretning.

5. Fått noko dyr i år?

Har ikkje fått dyr sjølv endå, men laget har fått.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Det er veldig vanskeleg å finne, sidan det er så mange gode jaktminne.

Powered by Labrador CMS