Har sendt brev til sjukehusstyret

Ragnhild Aarrestad har jobba som psykiater ved Seljord DPS i 25 år.

Ragnhild tar kampen for DPS: – Det er heilt vilt

Den erfarne psykiateren kjenner til fleire kvalifiserte psykiatrar som kunne tenkt seg å jobbe på Seljord DPS. Nå har ho sendt brev til sjukehusstyret.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ein forferdeleg personalpolitikk.

Det seier pensjonert overlege ved Seljord DPS, Ragnhild Aarrestad. Ho snakkar om søkarprosessen til Katarina Dyszy Vik. 

Katarina er psykiater og har søkt på den ledige overlegestillinga ved Seljord DPS. Den same stillinga som sjukehuset meiner det ikkje er kvalifiserte søkarar til.

– Den einaste grunnen dei brukar imot ho er at ho har vore sjukemeldt, hevdar Aarrestad.

Ho har nå skrive brev til sjukehusstyret, der ho utdjupar sin frustrasjon.

– Eg skriv i brevet at Katarina har bruka sjukemeldingsperioden sin godt og seier seg klar for å jobbe att. Ho kjenner oppgåvene i Seljord godt, og eg kan ikkje forstå at dei kan diskvalifisere henne og bruke ho som eit argument for å leggje ned. 

Ho viser til utlysingsteksten.

– Det står at dei skal inkludere folk med opphald i arbeidslivet. Og så vil dei ikkje ha Katarina. Det er heilt utruleg!

Ragnhild har fylgd DPS-saka tett.

– Frustrerande

VTB har tidlegare bede sjukehusleiinga svare på kvifor Katarina ikkje er aktuell for stillinga. Katarina Dyszy Vik har fritatt sjukehuset frå teieplikta. Sjukehuset har svara: 

Sjølv om den aktuelle søkjaren har fritatt sjukehuset frå teieplikta, har me som arbeidsgjevar plikt til å vareta våre tilsette og er bundne av lover og reglar knytt til dette.

– Når det er så vanskeleg å rekruttere spesialistar, må jo første agenda vere å halde på dei ein har. Det har ikkje sjukehuset klart. Me hadde ein kjempeflink psykologspesialist her i Seljord, som er lokal. I den førre omstillingsprosessen blei hen flytta til Notodden. Der har hen sagt opp, og då har me også mista hen i psykiatrien.

Aarrestad har jobba med både Katarina og vedkommande ho nemner over. I tillegg har ho snakka med den andre søkaren til overlegestillinga i Seljord, som trekte søknaden sin i sommar.

– Søknadsprosessen trekte så ut at vedkomande valde å trekke søknaden og få seg jobb ein annan stad, hevdar Aarrestad. 

– Det er frustrerande å høyre.

Aarrestad har sett seg lei på at sjukehuset formidlar til tilsette og presse at det berre er rekruttering som er problemet.

– Eg har jobba med to av dei eg fortel om. Eg har vore med å utdanne dei. Og så skal dei ikkje få jobbe. Det er heilt vilt!

Powered by Labrador CMS