Tilsette ved Seljord DPS: – Me kjenner oss ført bak ljoset
Laila, Lena og Ingunn er forferda over personalpolitikken til Sjukehuset Telemark. Sjukehuset meiner dei har sitt på det reine. Tidlegare psykiater på DPS Seljord, Ragnhild Aarrestad, meiner ei nedlegging av døgnposten er drastisk.
– Eg reagerer først og fremst kraftig på at eg får melding ifrå eit familiemedlem, som har lese avisa, at arbeidsplassen min skal leggast ned. Den informasjonen burde eg ha fått frå leiinga, seier Laila Bergskås.
Ho jobbar på døgnposten på Seljord DPS, og saman med kollegaene Ingunn Nygård Ståland og Lena Eilefstjønn fortel dei nå deira versjon av «nedleggingssaka.»
– Eg er forbanna over at eg må lesa det i avisa. Eg har sagt ifrå om det òg; mogleg sjukehuset opplever at dei har hatt tett kontakt, men me opplever det ikkje slik, seier Lena.
Så reagerer dei alle på svar dei har fått frå sjukehusleiinga.
– Dei seier at det ikkje er kvalifiserte søkarar til stillinga som psykiater/overlege. Men kva er ein kvalifisert søkar? Kva er eigentleg kriteria? spør Ingunn.
Sjå tilsvar frå Sjukehuset Telemark lengre ned i saka.
Årsaka til at kollegaene på DPS lurar på dette, er at dei kjenner identiteten til begge søkarane, veit at dei er psykiatrar og har høyrd positive ting om begge to. Særleg den eine kjenner dei til, då ho jobbar på ei avdeling ved Seljord DPS per dags dato.
Søkaren, som også VTB kjenner identiteten til, er kjend med at ho blir omtala i denne saka.
– Eg har jobba med henne. Ho er ein dyktig og kompetent psykiater, seier Ingunn.
Dei andre to seier dei har høyrd at ho er flink, omgjengeleg og godt lika av pasientar.
– Det stemmer ikkje at ho ikkje er kvalifisert. Kravet er jo at ein er psykiater, så dette forstår me ikkje, seier Lena.
Dei er forferda over personalpolitikken.
– Ho har søkt på ei stilling som ho er kvalifisert til, og ikkje fått den. Korleis må ho ha det nå?
– Ganske på hogget
Den andre søkaren trakk seg i sommar.
– 28. juli fekk me beskjed om at det var kome ein ny søknad. 4. august fekk me beskjed om at vedkomande hadde trekt seg. Kva skjedde? Var sjukehuset på, eller lét dei det glippe? Viss noko er interessant må ein gripe det med begge hender, seier Laila.
Lena held fram:
– Avdelingsleiar Espen Halvorsen sa til VTB at dei tilsette er meir resignerte i omstillingssamtaler nå enn sist gong. Men eg var i alle fall ikkje resignert. Eg var ganske på hogget når eg snakka med han.
Ingunn seier ho stilte fleire spørsmål i samtala, fortalde at dei tilsette på avdelinga sit på svært mykje kompetanse, og presiserte at sjukehuset verkeleg har behov for desse institusjonsplassane.
– Å legge ned døgnposten blir det berre uro av. Veit kommunane at det blir meir trykk på dei nå? Er dei nok på i denne saka? spør Laila.
– Skjult agenda
– Det er psykisk tøft å stå i dette, og så skal me vere der for pasientane samtidig. Me følger også opp mange ute i ambulerande team, og har ikkje fått prata med alle dei. At dei berre ser dette i avisa, er ugreitt. Me måtte gøyme aviser på avdelinga førre veke, fortel dei tilsette.
Laila seier leiinga ikkje har formidla korleis dei tilsette skal formidle dette til pasientane.
– Det er tunge og slitsomme dagar. Me kjenner oss ført bak ljoset, samstemmer kollegaene.
Dei legg til at ein kan få inntrykk av at sjukehuset har ein skjult agenda om nedlegging.
– Me har heile tida vore opne for å finne løysingar, og me er villige til å vere fleksible. Ein psykiater treng ikkje å vere her på avdelinga heile tida. Men sjukehuset styrer mot nedlegging.
Korleis kjennast det at ei heil avdeling står og fell på éin psykiater?
– Det kjennest som me berre er små brikker i eit stort system. Dei seier at dei ikkje får tak i folk, men ver i det minste ærleg med oss, seier Ingunn.
– Dei brukarstyrte sengene, som så mange er avhengige av, kjem ikkje til å bli vidareført i Skien. Dette er ei ønska nedbygging av psykiatrien, og det skulle vore motsett, seier Laila.
– Å legge ned er drastisk
Ragnhild Aarrestad jobba som psykiater ved Seljord DPS frå 1995 til 2020. Ho fortel at då ho starta der, var behovet for distriktspsykiatri ei ganske ny forståing i psykiatrisk spesialisthelseteneste.
– Å bringe spesialistane nærare miljøet pasientane budde i, og nærare pårørande og samarbeidande helsepersonell i kommunen, såg me som ei klar kvalitetsforbetring av behandlingsmoglegheiter.
Vidare seier ho;
– Eg forstår at det har vore vanskeleg å få tilsett ein spesialist, men er usikker på om alle moglegheiter er prøva, og om ein har gjeve seg god nok tid til å fatte ei så drastisk avgjerd.
Ho peiker på moglegheiter for ambulerande tenester mens ein intensiverer innsatsen for å tilsetje nokon fast på DPS Seljord.
– Å legge ned er drastisk. Gjennom tiår har sjukepleiarar og helsefagarbeidarar ved døgnposten bygd opp ein kompetanse for pasientgruppa og kjennskap til pårørande og samarbeidspartnarar. Eg har erfart at denne kompetansen blir «sitjande i veggane» på avdelinga og arvast av nye tilsette. Denne distriktskompetansa vil ikkje pasientane møte på ei avdeling i Skien.
– Eg veit at helsetenestene i kommunane opplever å få stadig fleire oppgåver, og at moglegheit for rask rettleiing frå personell i spesialisthelsetenesta har vore verdsett. Ordninga med «brukarstyrt seng» har gjeve fleire pasientar nødvendig tryggleik.
Aarrestad seier, slik ho har oppfatta det, at staten har vedgått at nedlegging av døgnplassar, særleg for dei med dei tyngste psykiske lidingane, har gått for langt.
– Nå vil altså sjukehuset endå ein gong legge ned gode døgnplassar, og eg har vanskar med å sjå at det tilbodet døgnposten i Seljord har vore for menneske med alvorlege og krevjande psykiske lidingar i vårt distrikt, kan erstattast med eit like godt tilbod sentralt i fylket.