Katarina har søkt på jobb som psykiater i Seljord: – Eg kjenner meg diskriminert
Sjukehuset Telemark seier at dei ikkje får tak i kvalifiserte søkarar. VTB har møtt Katarina Dyszy Vik, ein psykiater som gjerne vil jobbe på døgnposten DPS Seljord. Katarina forstår ikkje kvifor ho har fått avlsag på søknaden.
– Eg vil ikkje at dette skal forbigå i det stille. Eg er ikkje den einaste som har opplevd å bli krenka på denne måten.
Katarina Dyszy Vik er éin av to som har søkt på stillinga som psykiater/overlege på døgnposten på DPS Seljord. Ho har fått beskjed om at ho er uaktuell til stillinga.
– Eg fekk høyre at eg var ueigna for jobben fordi ein måtte sikre avdelinga kvalitet, stabilitet og kontinuitet. Eg opplevde det som trakassering.
Katarina fortel at ho er utdanna psykiater, har fra tidlegare erfaring som allmennlege og er godt kjend både i sjukehussystemet og førstelinetenesta i Telemark. Ho starta på utdanning som psykiater ved Øvre Telemark i 2014 der ho jobba med psykosepasientar i fleire år. Ho jobba på poliklinikk før ho fullførte utdanninga si ved akuttpostar i Skien. Ho har fordjupning i alderspsykiatri og terapiutdanning i kognitiv terapi. Då ho var ferdig med spesialiseringa, ønska ho å vende tilbake til Øvre Telemark for å styrke spesialistdekninga der. Ho blei tilsett som overlege ved poliklinikken i Seljord, og har jobba der sidan. Nå har ho søkt på overlegestilling på døgnavdelinga.
– Hadde eg ikkje hatt trua på totaltilbodet i Seljord, så hadde eg ikkje stått fram nå. Men døgnposten er ei heilt unik avdeling med svært dyktige tilsette, og ein får ikkje gjenskapt dette tilbodet andre stader, seier ho.
– Eg kjenner meg diskriminert
Etter at poliklinikken i Seljord blei slått saman med Notodden, har Katarina jobba som overlege/psykiater ved vaksen poliklinikk i Øvre Telemark, to dagar på Notodden og tre dagar i Seljord.
– Det blei ei stor meirbelasting etter omlegging, og mange fann seg ikkje i det. Den eine etter den andre slutta, og eg var kanskje dum som blei verande. Til slutt sa kroppen stopp.
Katarina fortel om ei sjukemelding som blei til ulønna permisjon. Ifylgje henne var det ei anbefaling frå sjukehusets HR-avdeling.
– Nå har eg tatt grep, og er klar for å starte å jobbe når permisjonen min går ut. Men så opplever eg at sjukehuset og HR bruker sjukefråvær og permisjon imot meg når eg nå har søkt på stillinga som psykiater på døgnposten.
Ho stiller spørsmålsteikn ved følgande punkt i sjukehusets stillingsannonse;
«Sykehuset Telemark ønsker at våre ansatte skal gjenspeile befolkningens mangfold, og vi oppfordrer derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Dette gjelder uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn, eller dersom du har hatt opphold i arbeidslivet.»
– Det er politisk korrekt å skrive dette, men kvifor gjeld ikkje det meg? Kva i alle dagar har eg gjort for å vere så uønskt i arbeidslivet? Eg kjenner meg diskriminert.
Katarina fortel at ho, før ho søkte, tok ein runde i sjukehussystemet og spurte fleire om ho burde søke på psykiater/overlege-stillinga.
– Eg fekk berre støtte, og fleire sa også at dei kunne stille opp som backup og støtte når eg kom tilbake frå permisjon.
Ho seier at ho, i samtale med sjukehusleiinga, fekk inntrykk av at ei nedlegging alt var bestemt.
– Eg strekker jo ut ei hand, i ein heilt prekær situasjon, og blir audmjuka med at eg ikkje er kvalifisert. Eg var også villig til å bruke noko av permisjonstida mi til å hospitere på avdelinga før eg eventuelt byrja i jobb der. Men det var ikkje rom for å diskutere det.