Bergit Lisleåsheim Telnes er bekymra for DPS Seljord.

– Eg er redd for at fleire blir alvorleg sjuke

VTB har snakka med politikarar i Vest-Telemark, tilsette på DPS Seljord, ein psykiater som har søkt på den utlyste overlegestillinga, ein tidlegare overlege ved DPS, prostidiakonen i Vest-Telemark og Sjukehuset Telemark – fleire gonger. Nå er det Bergit sin tur.

Publisert Sist oppdatert

– Ein tar vare på heile mennesket der.

Ho har fulgd DPS-saka tett og er uroa over at Sjukehuset Telemark har signalisert at det går mot nedlegging av døgnposten.

– Dette er berre veldig dumt, og kjem til å straffe seg, seier Bergit Lisleåsheim Telnes, som sjølv har vore pasient ved DPS Seljord.

– Korleis skal det bli?

– Nokon er fødd med høgt kolesterol eller andre ting, eg har fått diagnose tilbakevendande depresjon.

Bergit er utdanna lærar, har jobba på Seljord ungdomsskule i 25 år og er nå uføretrygda.

– Psykisk sjukdom er ein sjukdom på lik line med andre sjukdomar, og ein kan trenge hjelp med å halde den i sjakk. 

Ho smiler forsiktig, og seier ho har kjend på skam, men at ho nå vil vise andlet for DPS-saka.

– Er det noko eg kunne ha gått i tog for, så er det DPS. Eg kunne ha lenka meg fast der òg eg. Lagt meg i sovepose kanskje, ler ho.

Men så kjem alvoret tilbake. For Bergit fortel om ei vanskeleg tid i livet, og at ho først kom i kontakt med DPS i 2008. Ho var i periodar innlagt på femdøgnsposten, ei veke om gongen. Fokuset på denne avdelinga, som blei lagt ned for fleire år sidan, var på å meistre kvardagen og kome seg tilbake til familie og arbeidsliv. 

– Eg stritta nok imot først, men så skjøna eg at eg måtte ha hjelp. Og det fekk eg. Folk som jobbar på DPS Seljord har skikkeleg god kompetanse og lang erfaring. Eg kjenner til nokon som har vore innlagt på døgnposten nå, og som berre har gode erfaringar derifrå. Korleis skal det bli om eit heilt fagmiljø forsvinn? Fagpersonar som er til støtte i kvar einskild kommune.

Bergit ser trist og oppgitt ut av vindauget.

– Korleis skal det bli om eit heilt fagmiljø forsvinn?

– Viktig støttespelar

– Det verkar kanskje rart at eg, ei alminneleg oppegåande dame med lektorkompetanse og lang erfaring frå skulen, slit med depresjon? 

Bergit fortel om ein gong ho trong hjelp til berre å gå rundt huset.

– Eg trur ikkje folk heilt skjønar kor psykisk sjuk det går an å bli.

Det er nokre år sida du fekk hjelp ved DPS nå. Korleis går det med deg?

– Nå er eg litt på Heddeli bu- og servicesenter og får hjelp av kommunen der. Kvar tredje veke har eg samtale med psykiatrisk sjukepleiar. I tillegg brukar eg medisin mot depresjon.

Ho har inntrykk av at DPS har vore ein svært viktig støttespelar for alle kommunar i distriktet.

– Men nå opplever me at institusjonar skal bort og kommunar ta over. Det går ikkje. Ein må ikkje leggje ned, men byggje opp. At byggekostnadar nå blir sausa saman med pasientbehandling er å spare seg til fant. Eg er redd for at fleire blir alvorleg sjuke. Eg har høyrd pasientar uttrykke at dei kjenner seg framandgjort på psykiatrisk i Skien, og at dei synest det er veldig langt ned til byen.

Bergit er formann i Soknerådet, og syng i Seljord songlag. Ho seier at å syngje er god mental hygiene, og at salmesong og liturgi er terapi for ho.

– Blir provosert

Bergit har ytra seg på Facebook i samband med DPS-saka, og der skriv ho;

«Enno er det eit svakt håp om at Sjukehuset Telemark vil fylgje dei retningslinene som styresmaktene har laga; at det skal satsast på psykiatri og at nedlegginga av sengepostane må stanse».

Ho seier ho blir provosert av å tenkje på helseføretaksmodellen, direktørar som styrer og politikarar som har gjeve frå seg moglegheita til å styre.

– Føretaksmodellen skulle ha vore borte for lenge sida. Det er heilt vilt over heile lina.

Ho snakkar av erfaring om eit komplisert menneskesinn.

– Det er så mange lidingar DPS Seljord kan hjelpe oss med. 

Bergit håper at det å stå fram kan bety noko for andre. 

– Og så håper eg dei ikkje legg ned døgnposten. For det er berre dumt når det er så mange som treng skjerma psykiatri-plassar.

Helseføretaksmodellen

Helseføretaksmodellen blei innført 1. januar 2002.

Det var eit fleirtal i Stortinget - beståande av Ap, Høgre og FrP - som vedtok føretaksmodellen.

Helseføretaksmodellen er ei styringsordning der staten eig spesialisthelsetenesta gjennom regionale og lokale helseføretak.

Helse Sør-Øst RHF er eitt av fire regionale helseføretak. Sjukehuset Telemark HF er eit helseføretak under Helse Sør-Øst. 

Gjennom helseføretaksmodellen får sjukehusa større sjølvstende til å gjennomføre det offentlege oppdraget, innanfor statlege rammer og mål.

Kilde: regjeringen.no

Powered by Labrador CMS