Minneord om Anne Joronn Sætre
Minneord
Det var med djup sorg me mottok bodskapen om at Anne Joronn Sætre døydde 28. oktober, 91 år gamal.
Anne Joronn vart fødd i 1935 og vaks opp på Rauland i Telemark. Foreldra hennar var bilethoggaren Dyre Vaa og kunsthistorikaren Thora Bojer, dotter til forfattaren Johan Bojer. Familien flytte til Asker i 1953 då dei fekk bu i kunstnarbustaden på Bondi. Seinare flytte familien til Plassen på Hvalstad der Johan Bojer budde, og som var Anne Joronn sin heim til det siste.
Anne Joronn fortalte at «mor og far opna for oss ei verd av litteratur, syn for kunst, humør og moro». Ho og dei fem andre i syskenflokken var støtt og stadig modellar for bilethoggar og målar Dyre Vaa. Han sette solide spor med den monumentale kunsten sin rundt om i Noreg, mellom anna med Märta-monumentet ved Asker kyrkje.
Det står ein bronseskulptur nede ved gravplassen til Johan Bojer på Asker kyrkjegard. Skulpturen er av ei lita fin jente laga av Dyre Vaa, og modellen er dotter hans, Anne Joronn.
Skulpturen er ikkje stor, for jenta var lita då han vart laga. I dag ville me ha laga ein bauta, ein bauta over ei som ikkje tok mykje plass, men som på sin måte fekk utretta svært mykje.
For ho ruva fleire plassar. Det var mellom anna hjå Asker Museum, Holmen bibliotek, og i ulike litteraturgrupper. Ho var med som den drivande krafta for å redda Asker mållag frå å bli nedlagt i 2006. I mest 20 år la ho ned eit stort arbeid for Asker mållag og kulturarven knytt til målrørsla i Asker. I dag er laget høgst oppegåande med aukande aktivitet og medlemstal.
Anne Joronn var ein viktig kulturformidlar i Asker. Ho hugsa det meste, og fortalde med ein smittande entusiasme på klingande vinjemål. Svært mange medlemmar og andre askerbøringar har vore med henne rundt på Labråten og fått leva seg inn i livet til to av dei største forfattarane og figurane i norskdomsrørsla på starten av 1900-talet.
Anne Joronn hadde stor kunnskap og eit nettverk av kulturpersonar både i eigen familie og alle dei ho møtte på sin veg. Og ho var på mange vegar og i ulike miljø. Ho var som ein svamp og hugsa mykje, og det ho ikkje hugsa hadde ho på lappar. Små lappar, etterkvart med stor skrift, som ho gøymde i sine bøker og hefte, og som vart til alle dei ulike kåseria ho heldt.
Tysdag 30. juni i år vart Anne Joronn utnemnd til Heidersmedlem i Asker mållag. Me hadde ei flott stund på Labråten i skuggen av kastanjetreet med fleire frammøtte som fekk vera med og heidra Anne Joronn med talar, diplom og blomar.
Marit Sandal Mortensen, Anna Kastet, Erling Søyland, Jørn Buø, Jan M. Vevatne