Kjersti Kaasa og ei anna kvinne står i eit innandørs møte.
Kjersti Kaasa (SV)

Meiningar

Prisen for å ta del i lokaldemokratiet må ikkje bli for høg

Publisert

Før kommunevalet i 2023 sa eg ja til å stå på ei partiliste. «Men set meg langt nede, for eg kan ikkje sitje i kommunestyret», sa eg. Eg trudde eg skulle vera listefyll.

Jammen blei det kommunestyre likevel, med planutval på kjøpet, og så oppvekstutval. Og brått skulle ei heimeverande mor i vedvarande hjernetåke setje seg inn i tunge saksdokument og arealplanar, samstundes med fulle hender av familielogistikk og barneoppdraging. Eg såg det som eit privilegium og ei tillitserklæring å få tildelt ei aktiv rolle i lokaldemokratiet, og det gjer eg framleis.

Men debattklimaet i denne perioden, særleg slik Det Norske Industripartiet (DNI) har påverka det, gjer noko med meg. Og det handlar ikkje om at DNI er usamde med oss, men om korleis dei uttrykkjer usemja. Folkevalde i posisjonen blir framstilte som folk som «kaster penger ut av vinduet» og reduserer menneske til «tall i eit regneark». Me blir skulda for å «sende rekninga til barna våre» og for å berre bry oss om dei eldre og skulen når det er val. Slik blir både karakteren vår og motiva våre trekte i tvil.

Kvar for seg kan ein kanskje avfeie utsegner som desse som del av ein hard politisk debatt. Men når karakteristikkar og skuldingar blir gjentekne over tid, er det ikkje lenger berre systemkritikk eller spiss sjargong - då handlar det om kven me er som menneske.

Slik eg oppfattar retorikken, blir det skapt ei forteljing om to slags politikarar i Vinje: DNI, som står på innbyggjarane si side, og alle oss andre, som veljarane må «huske dette» om «når de banker på døra». Men me andre er også innbyggjarar. Me har ungar i barnehagen og foreldre i heimetenesta. Me er ikkje yrkespolitikarar eller ein fjern elite, men vanlege folk valde til teneste av naboar og sambygdingar. Me brukar tallause kveldar og helger på å lese saksdokument fordi me ynskjer å ta godt vare på lokalsamfunnet me sjølve er ein del av, og fordi me vil vera verdige tilliten me har fått.

Denne personlege opplevinga står i sterk kontrast til korleis kommunepolitikarar blir omtalte i DNI si Facebook-gruppe Vinbyggjen. Det nyaste innlegget handlar om eit forslag frå fylkesdirektøren om vidaregåande skule - eit forslag eg sjølv er sterkt usamd i. Dette forslaget er det openbart ikkje kommunestyret i Vinje som har kome opp med. Like fullt blir me også her dregne inn i skuldingane. Utkantane blir bygde ned av vedtak «fattet av folk som sier de vil det beste - men gjør motsatt», skriv DNI. Og dei folka er oss.

Det er sjølvsagt legitimt å meine at me prioriterer feil eller tek dårlege avgjerder. Det skal me tole. Dette er frå mi side ikkje eit forsøk på å styre tonen, flykte frå ubehagelege spørsmål eller avfeie kritikk. Kritiske spørsmål om pengebruk og prioriteringar er heilt nødvendige. Men å hevde at me «sier de vil det beste - men gjør motsatt», er ikkje eit spørsmål. Det er ein konklusjon som reduserer oss til kynikarar. Det er vesentleg skilnad på å utfordre politiske avgjerder og å systematisk tilleggje andre uheiderlege motiv.

For meg personleg handlar dette også om helse. Eg har valt å bruke ein god del av kreftene mine på å gjera så godt eg kan i kommunestyret. Slik det er i dag, går alt for mykje av dei med til å ta inn over meg påstandar eg ikkje kjenner meg att i. Eg vil diskutere politikk, eg - ikkje kjempe for å bli oppfatta som eit anstendig menneske. Og eg må innrømme at dette kostar såpass at eg i dag tvilar sterkt på om eg har det i meg å stille til val ein gong til.

Mistenkjeleggjering styrkjer ikkje demokratiet og gjev oss ikkje betre tenester. Men det gjer terskelen mykje høgare for dei som vurderer å engasjere seg. For kven vil bruke fritida si på kommunepolitikk dersom prisen er å stadig møte personlege skuldingar i lokalavisa og på sosiale medium? Og kva skjer med lokaldemokratiet dersom det berre er dei som toler mest, som blir sitjande att?

Eg ber ikkje om å bli friteken for kritikk. Me treng både usemje og kritiske røyster i kommunestyret. Vedtaka eg har vore med på å fatte skal sjølvsagt kunne utfordrast, og eg skal haldast ansvarleg. Men eg ynskjer meg også eit debattklima der me kan vera usamde utan at det går på menneska laus. 

Prisen for å delta i lokaldemokratiet må aldri bli så høg at vanlege folk ikkje lenger har råd til å vera med. 

Kjersti Kaasa
Vinje SV

Powered by Labrador CMS