Det seinaste albumet hans følgjer to år med psykisk helse, frå mørke til håp.

Remi Kleiv (20) er blind, studerer IT i Bø og lagar musikk der orda ikkje strekk til.

Lyden av det han ikkje kan seie

Publisert

Fingrane finn hurtigtastane før skjermlesaren rekk å seie kvar han er. I lydprogrammet Reaper hoppar Remi Kleiv mellom spor, effektar og innstillingar utan å nøle. Han ser ikkje skjermen. Han høyrer han.

– Eg kjenner at musikk er ein veldig god måte å uttrykkje kjensler på, også når du ikkje kan setje ord på tankane dine, seier 20-åringen frå Kviteseid.

Ein venn som døydde

Det byrja i 2019, då ein av vennene til Remi døydde av kreft.

– Eg har vore interessert i musikk sidan eg var liten. Men det som faktisk fekk meg inn i det, var at ein av vennene mine gjekk bort. Han produserte musikk sjølv, så eg vart inspirert av han og ville prøve det.

Sidan har musikken vore staden der Remi seier det han ikkje finn ord for. Det er ikkje berre ein hobby, men ein måte å tenkje høgt på.

Musikk med skjermlesar

Remi bruker en skjermlesar, eit program som les opp det som står på PC-en som tale eller punktskrift, med eit tilgjengetillegg til Reaper og hurtigtastar på tastaturet navigerer han seg gjennom heile programmet. 

Det finst mange slike lydprogram, eller digitale lydarbeidsstasjonar, som det heiter. Remi valde Reaper fordi det passar best til hans bruk.

For dei fleste er eit musikkprogram ein vegg av knappar, fargar og små symbol. For Remi er det ei rekkje tastetrykk og ei stemme som fortel kvar han er.

Sjangrane skiftar.

I det siste har han vore mest oppteken av elektronika og garage. Men han har også laga jazz og prøvd seg på orkestral musikk.

– Eg prøver berre å eksperimentere og finne min eigen sjanger, min eigen stil på ting.

For to–tre månader sidan oppretta han ei nettside der han legg ut musikken sin.

Der kan alle som vil, gå inn og lytte. Når han blir spurd om nettsida kan lenkjast til i denne saka, nølar han ikkje.

– Ja, go ahead. Køyr på.

Eit album frå mørke til håp

For nokre veker sidan gav Remi ut eit album han har jobba med i to–tre år.

– Det skal representere tilstanden min, den mentale tilstanden min dei siste to–tre åra, som har gått litt opp og ned.

– Så på albumet er det masse eksperimentelle ting.

Albumet er ikkje berre ei samling songar. Det er ei forteljing, fortalt i lyd, om to år som var tunge å kome gjennom.

Songane står i kronologisk rekkjefølgje og følgjer den psykiske helsa hans gjennom dei siste to åra. Titlane byrjar dystert og endar med eit håp i enden av tunnelen.

Men ikkje all musikk treng å bere så tungt.

– Nokre gonger lagar eg berre musikk fordi det er gøy å lage.

IT-student i Bø

Remi går IT og informasjonssystem ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) i Bø. Han byrja for tre–fire månader sidan. Studiet handlar om programmering, webutvikling og anna IT-relatert. Favorittspråket er C++. JavaScript er han ikkje glad i.

Undervisninga går føre seg i eit stort klasserom.

– Det er plass til mange folk her, seier Remi.

Ein vanleg dag byrjar med teoriforelesing frå klokka ti til tolv, med ti minutt pause. Etterpå er det to timar øving på ein av labane, der studentane gjer praktiske oppgåver i det dei nettopp har lært.

– Viss me lærer om webutvikling den dagen, blir det praktisk gjennomføring av oppgåver i det, forklarer han.

Alt er frivillig. Det er inga oppmøteplikt og ingen fråværsgrense.

– Men det er kanskje lurt å møte opp, då.

Laptopen står på studenthuset. Det er tastaturet som er vegen inn, både når han kodar og når han lagar musikk. Den som ser han i arbeid, legg merke til kor lett han orienterer seg på det. 

Ruta, bit for bit

Er noko vanskeleg på universitetet?

– Nei, eg vil ikkje seie at noko er vanskeleg. Eg må berre få meir trening sjølv.

Han har berre budd i Bø i nokre månader. Mykje handlar om å danne seg eit mentalt kart over ein ny stad: kvar vegane går, kvar kryssa ligg, og korleis ein kjem seg frå A til B.

Treninga handlar mellom anna om å finne vegen. Saman med mobilitetslærarar, som er spesialiserte på å hjelpe blinde og svaksynte, kartlegg Remi rutene han skal gå. Han kallar det å «mappe». Dei finn ut kva som er den beste ruta, og kvar han skal krysse vegen.

– Eg lærer ruta i bitar, til dømes frå her og bort til det neste vegkrysset. Så går du resten, og så set du det saman etterpå.

Det er tidkrevjande arbeid. Først må mobilitetslærarane sjølve finne ut korleis Remi best kan lære ruta. Så blir ho delt opp, øvd inn bit for bit og sett saman til ein heil veg.

Ruta til universitetet sit allereie. Snart skal han kartleggje vegen til butikken og andre stader han treng å kome seg til.

Kunne han klart det åleine?

– Det kjem an på. Kanskje. Eg trur det.

Venner, kode og musikk

På fritida heng Remi mest med venner, lagar musikk og kodar. Er det noko han skulle ønskje at folk som ikkje kjenner han, visste om han? Han tenkjer seg om.

– Eg trur ikkje det, eigentleg. Du blir jo kjend med meg viss du blir kjend med meg.

Musikken gir han ut under artistnamnet Lazy, på nettsida lazymusic.studio, som han har laga sjølv. Der ligg det i dag tre album: debutalbumet «Miksing og Testing», som han sjølv kallar bakgrunnsmusikk, samlealbumet «The Legacy» med 14 låtar han har laga opp gjennom åra, og det nyaste, «The Mind». Det er sju låtar og 53 minutt som tek lyttaren med gjennom dei siste to åra av livet hans.

Alle albuma kan førehandslyttast gratis, og for dei to siste vel kjøparen sjølv kva han vil betale, så lenge det er over minsteprisen. På sida sel han også lyddesign og lydpakkar.

Powered by Labrador CMS