Frå skulebenken til bilbransjen
Fem elevar frå Seljord ungdomsskule bytte ut skulebenken med ein dag i arbeidslivet hos Autostrada i Seljord på Operasjon Dagsverk. Her fekk dei prøve seg på både bilklargjering og innhaldsproduksjon til sosiale medium.
Mari Schia Venås (15), Thea Camelie Trangsrud Granberg (15), Fabian Rue (14), Nils Haugan Forberg (12) og Endre Nordstoga (13) var ungdommane som bruka dagen for Operasjon Dagsverk (OD) hos bilforhandlaren Autostrada, som òg driv verkstad og bilpleie i tillegg til bilbutikk for Mercedes-Benz og Kia i Nordbygdi. Dette melder verksemda i eit presseskriv.
Operasjon Dagsverk er ein årleg solidaritetsaksjon der skuleelevar jobbar éin dag og gir inntekten til utdanningsprosjekt for ungdom i andre delar av verda. For elevane er dagen òg ei moglegheit til å få praktisk arbeidserfaring utanfor klasserommet.
Ulike arbeidsoppgåver
Hos Autostrada vart elevane delt på to ulike arbeidsområde. Tre fekk prøve seg med klargjering av bilar, medan to jobba med fotografering, filming og redigering av innhald til sosiale medium.
Bilforhandlaren hadde på førehand lyst ut to plassar som innhaldsskaparar for dagen, med mål om å gi ungdommane moglegheit til å arbeide kreativt.
Elevane hadde noko kjennskap til bedrifta frå før. Fleire hadde familie eller kjenningar som anten jobbar eller tidlegare har jobba der.
For ungdommane vart det likevel ei annleis oppleving å kome innanfor dørene som arbeidstakarar.
– Det verkar som ein triveleg arbeidsplass. Folk er glade, og det verkar som dei som jobbar her trivst, sa ein av elevane.
Dei to som jobba med innhaldsproduksjon, sette særleg pris på høve til å bruke kreativiteten.
– Det har vore veldig bra. Det var gøy å få vere kreative, ta bilete og redigere. Me har lært mykje av å vere her, seier Mari Schia Venås og Thea Camelie Trangsrud Granberg.
– Utruleg gøy å sjå dei i aksjon
Terje Nordstoga, dagleg leiar for Autostrada Seljord, synest det er positivt at så mange ungdommar ønskte å bruke OD-dagen hos bedrifta.
– Det er utruleg gøy å sjå så flinke ungdommar i aksjon, og ikkje minst veldig hyggjeleg at så mange ønskte å vere hos oss, seier Nordstoga.
Han trekkjer òg fram at møtet mellom ungdommane og dei tilsette gir moglegheiter for læring begge vegar.
– Me ønsker at ungdom skal få eit innblikk i korleis arbeidslivet fungerer og kva moglegheiter som finst. Samtidig er det utruleg mykje me kan lære av ungdommane. Dei kjem med nye perspektiv, idear og ein annan måte å sjå ting på, seier han.
Ikkje alle har bestemt seg for framtida
Sjølv om elevane fekk eit innblikk i bilbransjen, er det ikkje nødvendigvis der alle ser for seg ein framtidig karriere.
Mari synest det førebels er vanskeleg å vite kva ho ønsker å jobbe med. Thea har derimot alt gjort seg nokre tankar. Ho er interessert i bil og driv med bilcross, men har likevel andre planar for utdanninga.
Ho synest verkstadarbeid verkar spennande, men har bestemt seg for å søkje helsefag på vidaregåande skule, med mål om å jobbe innan helse.
Begge jentene meiner det er positivt å få erfaring frå arbeidslivet gjennom Operasjon Dagsverk.
– Det er fint å gjere noko anna enn vanleg skule. Me får prøvt oss i praksis og får eit innblikk i arbeidslivet. Det kan òg gi gode moglegheiter for jobb seinare, fortel ungdommane.
Etter endt arbeidsdag sat elevane att med eit positivt inntrykk av både kollegaene og arbeidsoppgåvene.
– Det verkar som ein fin jobb, med gode kollegaer, snille folk og eit godt arbeidsmiljø. Me har lært masse av å vere her, oppsummerer dei.