I fleire tiår har overlegen vore med på å byggje opp det lokale tilbodet. Nå kan det bli lagt ned
I snart førti år har psykisk sjuke fått eit tilbod ved denne avdelinga i Seljord. Ole-Bjørn Kolbjørnsrud har vore med frå oppstarten.
– Kanskje er eg gamaldags, seier Ole-Bjørn Kolbjørnsrud.
Han har framleis tru på at lokale tilbod er vegen å gå, og reagerer på det som nå skjer i Telemark.
Overlegen var i 1987 med på å starte opp det som etter kvart blei til DPS-avdelingane i Seljord og Notodden, nå DPS Øvre Telemark. I over 30 år har han hatt leiaransvar her. Han vart pensjonist i 2018, nå er han 77 år, men han stiller framleis opp som vikar – både på Notodden og Seljord DPS.
Sjukehuset Telemark har varsla at avdelinga i Seljord kan bli lagt ned frå nyttår. Årsaka er at dei ikkje har klart å rekruttere overlege i psykiatri. Det synest den erfarne overlegen er trist. For det er helst dei siste åra at det har vore vanskeleg å få tak i fagfolk til denne distriktspsykiatriske avdelinga.
– Seljord-avdelinga har fungert veldig stabilt i mange år, seier han.
Oppstarten
I 1987 var det ein psykiatrisk sjukeheim i Seljord og ein ny poliklinikk og sjukeheimsavdeling på Notodden. Eit rundskriv frå staten sa at psykiatriske pasientar som var ferdigbehandla, men hadde behov for langvarig pleie og omsorg, skulle bli ført tilbake til heimkommunane.
Sjukeheimane skulle bli oppgradert fagleg til å kunne fungere som opne sjukehusavdelingar.
– Eit lokalsjukehus i psykiatri, kallar Kolbjørnsrud det.
Visjonen var å byggje eit spesialisttilbod til pasientane i øvre Telemark, med poliklinikk og døgnavdelingar både på Notodden og i Seljord. Øvre Telemark var tidleg ute med å etablere slike lokale tilbod. Nybrottsarbeidet vart lagt merke til, og avdelingane vart med på å forme det som seinare skulle bli kalla for distriktspsykiatriske senter (DPS) i Noreg.
Satsa på kompetanse
For å opprette desse tilboda var det behov for fagfolk på dei nye avdelingane. Og det blei satsa mykje på kompetansebygging, fortel Kolbjørnsrud.
I løpet av åra han har jobba ved DPS er det mange som har fått si spesialisering innan psykiatri på avdelinga. Og sjukepleiarar og andre faggrupper har fått støtte til å ta vidareutdanning innan psykisk helse.
– Me satsa på dei me hadde og gav dei den kompetansen og utdanninga dei trong for å kunne utføre arbeidsoppgåvene sine. Etter kvart hadde me god bemanning med aktuelle faggrupper – også legespesialistar, seier han.
Nå er det ikkje berre det å rekruttere fagfolk som kan vere krevjande. Å behalde dei ein har er minst like viktig, meiner den gamle leiaren.
– Kunsten er å bli ein attraktiv arbeidsplass, seier han.
Og i mange år opplevde han det at fagfolka likte seg, og at arbeidsstokken var stabil.
Han fekk tidleg eit råd av ein leiande psykiater i Oslo: Den som skal vere leiar på avdelinga bør også jobbe med pasientar. Og det rådet har han tatt med seg. I alle sine år som leiar har han tatt imot pasientar på kontoret. For han meiner det er viktig at den som har eit leiaransvar også kjenner den kliniske kvardagen på kroppen. Om ein kjem for langt frå det vil ein etter kvart bli ein administrator som kan ha vanskar med å ha lojaliteten for oppgåvene ein skal utføre, nemleg å behandle pasientar.
Kolbjørnsrud er også oppteken av at spesialistane ute på avdelingane må få vere med på utviklingsarbeid. For om dei blir haldne utanfor, og berre blir bruka som «produksjonsarbeidarar», ja då trur han mange vil bli frustrerte.
– Og då rømmer folk frå sjukehusa, seier han.
Overlegen meiner det er viktig med lokalbasert leiing, og pendla sjølv mykje mellom dei to avdelingane på Notodden og Seljord.
Nå sit leiinga for DPS i Skien, og han trur dei tilsette i dag ser langt mindre til leiinga enn det dei gjorde før. Det trur han har vore uheldig.
Handterte det meste
I Seljord var det lenge to avdelingar med totalt tjue sengeplassar og ein poliklinikk. Dei oppretta oppfølgingsteam og følgde også opp pasientar etter at dei var utskrivne. Dei var mykje ute i kommunane og hadde samarbeidsmøte med legane og dei psykiske helsetenestene. For det at dei som jobba på dei distriktspsykiatriske avdelingane også hadde god kjennskap til kommunane der pasientane budde, meinte dei var viktig.
Lokalsjukehuset skulle handtere det meste.
– For om ein jobbar godt ute i kommunane, og på det distriktspsykiatriske senteret, så kan ein redusere innleggingar på akuttavdelinga, seier overlegen.
Og lenge var det slik. For innbyggjarane i Øvre Telemark nytta seg i mindre grad av akuttplassane i Skien, enn det dei som kom frå den nedre delen av fylket gjorde.
Det er nokre år sidan 11 av sengeplassane forsvann, og for to år sidan vart poliklinikken flytta til Notodden. Det er dei siste ni sengeplassane som kan bli lagt ned frå nyttår.
Kolbjørnsrud meiner nedbygginga av sengeplassar i psykiatrien har gått for langt. Og han oppfattar at det er for få plassar i Telemark i dag.
Han lurer derfor på kva for plan sjukehuset har for å følgje opp dei som nyttar plassane i dag. For dei kjem ikkje til å forsvinne om plassane blir lagt ned.
Skummel utvikling
Då det på 80- og 90-talet vart bygd opp 74 DPS i Noreg var det fordi ein meinte at lokale tilbod ville fungere betre for denne brukargruppa. Det var derfor me fekk ein opptrappingsplan i 1999. Og dei som forskar på helsetenester, seier framleis at lokalbaserte tenester og nærleik er viktig, fortel overlegen. Også i den nye opptrappingsplanen, som kom i 2023, er lokale tilbod eit av satsingsområda.
Derfor reagerer han på det som nå skjer i Telemark, og meiner det kan sjå ut til at utviklinga går i feil retning mange stader.
– Det blir gjort det motsette av det me alle var samde om at var vegen å gå. Dei begynner å sentralisere igjen. Og det er ganske skummelt, seier han.