Sjukehusstyret får Seljord DPS som sak 22. oktober
Då søknadsfristen gjekk ut ved midnatt hadde det ikkje kome inn fleire søkarar på stillinga som overlege ved Seljord DPS. Det stadfestar avdelingsleiar Espen Halvorsen.
Han har tidlegare opplyst at dei har fått fullmakt frå styret til å stoppe prosessen med å rekruttere ny overlege dersom sjukehuset ikkje har fått søkarar på stillinga innan 1. oktober.
Katarina Dyszy Vik som søkte på stillinga i september, seier til VTB at ho har valt å oppretthalde sin søknad.
– Eg er open for dialog, og ei ny vurdering, seier ho til VTB torsdag.
Vik fortel at ho etter å ha søkt på stillinga vart kalla inn til ei samtale, og at ho der fekk beskjed om at ho ikkje var aktuell for stillinga. Nå ynskjer ho sakleg svar og ei grunngjeving på dei vurderingane som er tatt.
VTB har stilt leiinga ved Sjukehuset Telemark ei rekkje spørsmål rundt denne prosessen – som mellom anna kvifor Vik, som er tilsett ved poliklinikken på Seljord DPS, ikkje var kvalifisert til jobben som overlege på døgnposten. Me har også bede om ein kommentar til at Vik følte seg diskriminert etter meldinga ho skal ha fått om at ho var «ueigna for jobben fordi ein måtte sikre døgnposten kvalitet», og til påstanden om at sjukehuset styrer bevisst mot ei nedlegging i Seljord.
Katarina Dyszy Vik har fritatt Sjukehuset Telemark for teieplikta i denne saka.
Avdelingsleiar Espen Halvorsen svarar ikkje direkte på spørsmåla, men han har sendt oss denne uttala:
«Som Vest-Telemark blad kjenner til, har sjukehuset arbeidd aktivt med rekruttering for å oppretthalde pasienttilbodet i Seljord i halvanna år. Døgnposten har god kvalitet og er viktig for pasientane og behandlingstilbodet ved Sjukehuset Telemark. Sjukehuset er oppteke av god pasienttryggleik, kvalitet og føreseielegheit i pasientbehandlinga. Dette er kriterium som alltid har høgaste prioritet i dei vala som vert tekne. Sjølv om den aktuelle søkjaren har friteke Sjukehuset Telemark frå teieplikta, har me som arbeidsgjevar plikt til å vareta våre tilsette og er bundne av lover og reglar knytte til dette. Av omsyn til alle partar i saka kan ikkje Sjukehuset Telemark gje ut detaljar om dei vurderingane som er gjorde».
Halvorsen vil heller ikkje svare VTB på om Sjukehuset Telemark vil vurdere søknaden frå Vik på nytt.
– Som tidlegare meldt uttalar ikkje sjukehuset seg om enkeltsaker som vedkjem våre tilsette, skriv han i ein e-post til VTB.
Halvorsen skriv vidare at dei vil leggje fram ei sak for styret i Sjukehuset Telemark i eit møte 22. oktober. I den saka vil dei vurdere grunnlaget for vidare drift og kva for konsekvensar ei eventuell nedlegging vil få.