Yrkesmessa viser veg til arbeidslivet
Bedrifter, næringsliv og det offentlege viser seg fram for ungdommar i Vest-Telemark på den årlege Yrkesmessa på Dalen. Rektor Siv Reidun Eide reknar med at mellom 800 og 1000 er inne.
Bjørg Bakke klipte snora under opningsseremonien. I talen sin sa ho at framtida ikkje alltid er planlagd, at det valet du tek, ikkje nødvendigvis er det rette, og at det aldri er for seint å snu.
Vest-Telemark vidaregåande skule har arrangert Yrkesmessa i mange år. Rektor Siv Reidun Eide fortel at messa betyr mykje.
– Yrkesmessa betyr mykje for oss, men ikkje minst for alle ungdommane i Vest-Telemark som skal velje rett veg. Det aller viktigaste er at bedrifter, næringsliv og det offentlege får vise seg fram, slik at ungdommane kan velje rett yrke, seier ho.
Eide har ikkje talt opp kor mange som har møtt opp, men reknar med at mellom 800 og 1000 er inne.
– Teknologifaga er desidert dei mest populære og har mykje besøk. Eg synest det er mykje besøk på alt, og føredraga er veldig populære, seier rektoren.
Vil gi barn en trygg oppvekst
Helene Dahl Kasland frå Seljord og Ida Johnsen Rydland, begge 16 år, går helse og oppvekst. Dei har lyst til å jobbe med barn.
– Me synest det er viktig at barn får ein trygg og god oppvekst, seier dei.
Etter skulen ser Helene for seg å bu i Telemark, medan Ida har blikket retta mot Agder.
– Eg vil helst bu i Agder-området, Arendal eller noko slik. Heile familien min bur der, og eg kjem derifrå, så eg kjem nok til å flytte dit, seier Ida.
Ho ønskjer seg ein arbeidsplass med kollegaer ho føler seg trygg på, og der ho kan vere seg sjølv. Helene er oppteken av at kvardagen skal kjennast god.
– Eg ønskjer å jobbe på ein arbeidsplass der eg ikkje må grue meg til jobb, og kome heim til familie, seier ho.
Begge er nøgde med Yrkesmessa.
– Det er veldig gøy. Det er fint å ha ein stad som fysisk viser kva ein kan bli vidare i livet, og det er ganske enkelt å få innblikk i ulike yrke, seier Helene.
–Utstillarane er veldig flinke til å forklare kven dei er og kva dei gjer, seier Ida.
Drøymer om å bli elektroingeniør
Abdulrahman Yehya Shamia (17) frå Kviteseid har eit klart mål for framtida.
– Eg har veldig lyst til å bli elektroingeniør. Eg synest det er ein jobb som verkar passande for meg. Eg er veldig glad i elektrofag og å kople, seier han.
Han trekkjer fram både løna og arbeidsdagen som grunnar til yrkesvalet.
– Det er ein jobb der ein kan tene mykje pengar, men også ein jobb der ein gjer spennande ting kvar dag. Eg er litt dårleg i matte, så det kjem til å bli ei utfordring, men eg har trua.
Planen er å bu i Telemark, jobbe og tene pengar, og forhåpentlegvis ha ein familie å kome heim til.
– Draumen min er jo å bli millionær, ha ein familie som bryr seg om meg, og gode vener. Har ein gode vener og familie, får ein til det meste, for då har ein den støtta ein treng, seier Abdulrahman.
Lærer mest ute i felten
William Bjåland Moen (18) frå Seljord og Nuhu Musa (20) frå Haukeli er begge lærlingar i T-Nett. Dei trivst best ute, også når vêret ikkje spelar på lag.
– Eg likar eigentleg å leggje kablar i kabelgrøfter, og eg likar å jobbe ute sjølv om det er dårleg vêr, seier William.
Nuhu har ein annan favoritt.
– Eg likar å vere ute, tene pengar og lære så mykje som mogleg. Eg likar best å vere i stolpar, det er mest moro, seier han.
Begge meiner skuletimane og arbeidet i felten er svært ulike.
– Når ein er energimontør, lærer ein ganske lite om det på skulen. Det blir eit heilt nytt fag, seier William.
Nuhu kjenner seg igjen.
– Eg har ikkje brukt så mykje av det eg lærte på skulen på jobb, men kvar gong eg er på jobb, lærer eg noko nytt. Dess meir du jobbar, dess meir lærer du, seier han.
William synest det er mykje enklare å lære når han får prøve sjølv.
– Når ein får prøve sjølv, er det mykje lettare å lære, og klarer du ikkje noko, får du jo hjelp, seier han.
Vil vise fram breidda i elektrofaga
Telemark Elektro Opplæring er opplæringskontor for ei rekkje elektrofag. Fagleg ansvarleg Sindre Gulbrandsen fortel at det finst langt fleire vegar å gå enn mange trur.
– Me er opplæringskontor for veldig mange elektrofag, hovudsakleg for elektrikar, men også for energimontør, tavlemontør og mange andre fag som folk flest, og spesielt ungdommar, ikkje er så klar over. Me har opp mot 30 ulike fagbrev, seier han.
Kontoret følgjer lærlingane heile vegen.
– Me tek vare på lærlingane frå det sekundet dei søkjer læreplass, heilt fram til fagprøven, seier Gulbrandsen.
Telemark Elektro Opplæring held til i Porsgrunn og har eit avdelingskontor i Bø, men dekkjer heile Telemark.
Elektrikar er det mest populære faget, medan energimontør også har svært mange søkjarar. Gulbrandsen håper at flest mogleg vil vurdere elektrofag, og at ungdom blir meir merksame på faga utanom elektrikar.
Han meiner yrka er heilt avgjerande for samfunnet.
– Jobbar innanfor elektro er ekstremt viktige i dagens samfunn. Energimontørane held samfunnet vårt i gang. Mistar ein kraft, eller ting stoppar opp, er det dei som held ting vedlike. Og det er elektrikarane som er ute og sørgjer for at anlegga verkar, seier han.