Til veka blir framtida til Seljord DPS avgjort. Dette er innstillinga til sjukehusdirektøren
– Den beste løysinga er å avvikle døgndrifta i Seljord og heller tilby behandling ved andre avdelingar i Telemark. Det går fram av innstillinga frå sjukehusdirektør Tom Helge Rønning til styret i Sjukehuset Telemark.
Den utløysande årsaka til avviklinga er at dei ikkje har lykkast med å rekruttere ein overlege til avdelinga. Det kjem fram av sakspapira som vart lagt ut onsdag kveld. Frå nyttår står døgnposten utan lege, og utan legedekning er det ikkje mogleg å oppretthalde forsvarleg pasientbehandling. På dette grunnlaget meiner administrerande direktør at den beste løysinga er å avvikle døgndrifta i Seljord og heller syte for å tilby behandling ved andre døgnavdelingar i Telemark.
Kapasiteten er god i Telemark
Sjukehuset Telemark har i dag har 131 døgnplassar, fordelt på fire lokasjonar – Porsgrunn, Skien, Notodden og Seljord. Det siste året har det blitt oppretta fleire nye døgnplassar i Telemark knytt til tryggleikspsykiatrien.
Sjukehuset Telemark har derfor svært god døgnkapasitet innan vaksenpsykiatrien, og direktøren hevdar at det vil vere mogleg å tilby god pasientbehandling innanfor den etablerte kapasiteten.
Det er i dag ni døgnplassar i Seljord. Sjukehuset føreslår at to av desse blir flytta til ein annan lokasjon. Dei sju andre blir avvikla.
Vil oppretthalde det polikliniske tilbodet
Det er 40 pasientar som får behandling i det polikliniske teamet som har utspring frå døgnseksjonen i Seljord i dag, og 22 av desse er underlagde lov om tvunge psykisk helsevern. Det polikliniske behandlingstilbodet til desse pasientane skal bli vidareført, sjølv om døgnseksjonen blir lagd ned frå nyttår, skriv direktøren. Han tilrår at det polikliniske tilbodet blir oppretthalde i Seljord, slik at pasientane får naudsynt oppfølging frå spesialisthelsetenesta lokalt, i samarbeid med aktuelle kommunar.
Det er totalt 20 tilsette som vil bli råka ved ei eventuell avvikling av døgntilbodet i Seljord – 3 helsefagarbeidarar, 1 vernepleiar, 14 sjukepleiarar, 1 miljøarbeidar og 1 kokk.
Alle dei tilsette vil få tilbod om annan stilling ved sjukehuset, står det i saka.
Nokon av dei erfarne medarbeidarane frå døgnseksjonen, som i dag arbeider poliklinisk med målgruppa, er aktuelle for å halde fram i poliklinikken framover. Kven og kor mange som blir aktuelle for ei slik behandlarrolle, blir avgjort i det pågåande omstillingsarbeidet, står det i saka.
Samarbeider med kommunane
Det er etablert kontakt og sett i gang eit samarbeid med aktuelle kommunar om korleis det polikliniske pasienttilbodet til pasientar med psykoselidingar kan bli utvikla vidare. Gjennomgangstonen frå kommunane i Vest-Telemark er at dei er positive til denne organisasjonsendringa, og at sjukehuset og kommunane saman må sjå på kva moglegheiter dette kan gje både for sjukehuset og kommunane i tida framover, skriv sjukehusdirektøren i saka til styret.
22. oktober skal styret ved Sjukehuset Telemark ta stilling til vidare drift av døgnposten i Seljord.