Litteraturdagane:
Nivelkinn fekk nytt liv
Tjuefem år etter urframføringa tok trioen Ævestaden over Nivelkinn. Odd Nordstoga helsa den nye tolkinga velkomen.
Å hoppe etter Wirkola har blitt ein mykje brukt klisjé, men nokon må gjera nettopp dette. Å hoppe etter Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga når det gjeld bestillingsverket Nivelkinn, med tekstar av diktaren Aslaug Vaa, passar godt inn i dette bildet. Og gruppa som tok utfordringa heiter Ævestaden, ein velrenommert trio som består av musikarane Levina Storåkern (fele og kantele), Eir Vatn Strøm (lyre og elektronikk) og Kenneth Lien (lyre og gitar). Konserten var siste innslag laurdagskvelden under Litteraturdagane i Vinje. Det er fint å vita at det var nettopp Odd Nordstoga som tok initiativ til dette «hoppet». Det var òg han som stod for introduksjonen. Han har stått på for å få dette inn i festivalprogram. Ifylgje Odd var grunngjevinga denne:
– Det er 25 år sidan Nivelkinn blei urframført på Telemarkfestivalen, og i løpet av den tida har Øyonn og eg bevega oss litt frå kvarandre, og det har ikkje vore rom for å framføre verket fleire gonger. Difor meinte eg at tida var inne for å få nokon andre til å dette vidare.
Slik han uttrykkjer det, meiner han at denne diktsyklusen bør få eit vidare liv, og her kan eg føye til at heilskapen med all musikken laga av Øyonn og Odd òg må vega tungt.
Telemarkfestivalen 2001
For dei som ikkje har høyrt om dette før, så kan det stutt oppsummerast slik: Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga laga musikk til ein diktsyklus av Aslaug Vaa og framførte Nivelkinn på Telemarkfestivalen i 2001, som eit bestillingsverk der musikarane hadde ideen, men der festivalen søkte om pengar og sytte for den praktiske gjennomføringa. Dette unike stoffet der Aslaug Vaa verkeleg får brukt det fargerike språket frå Vest-Telemark i ei dramatisk kjærleikshistorie, viste seg å fenge mange då det blei tonesett og framført av to av dei fremste folkemusikkutøvarane i Telemark. NRK gjorde opptak, og heile konserten blei til ei plate som viste seg å bli uhyre populær, og fekk mellom anna Spellemannprisen i 2002. Odd og Øyonn drog land og strand i etterkant av urframføringa og framførte Nivelkinn for fulle hus mange stadar.
Litteraturdagane i Vinje 2026
I beste sendetid, litt utpå laurdagskvelden, litt etter at Stein Torleif Bjella hadde vore på scenen og teke mot Storegutprisen, stod altså folkemusikkgruppa Ævestaden, som har skapt seg sin eigen stil, og gav oss sin versjon av Nivelkinn, 25 år etter. Mange nikka nok og kjende att musikken og teksten, framført av tre musikarar med ein nokså annan språkbakgrunn enn Odd og Øyonn. Eg skal ikkje her og no koma med ei melding av denne konserten, men berre slå fast at Ævestaden har gjort noko tøft og dristig, lært seg tonane og ikkje minst gått laus på den krevjande teksten og kjærleikshistoria om Gyrid, Stabbe, Jo og Gase med friskt mot.
Dette står det stor respekt av, og det er berre å håpe at denne versjonen kan nå nye generasjona og få fleire til å oppdage dette unike verket.
Det var i alle høve ein svært så blid og fornøgd Odd Nordstoga som møtte trioen etter konserten. Kven som var mest spent i førekant, er eg ikkje sikker på. Men det er i alle fall ikkje tvil om at Nivelkinn no har fått nytt liv, og Riksscenen i Oslo har alt sett konserten opp på programmet sitt 29. oktober.
Nervepirrande
Kenneth Lien seier dette etter kvelden:
– Fyrst må det seiast at det har vore ei sann glede å få jobbe med dette materialet. Dei særs vakre melodiane til Odd og Øyonn og den flotte teksten til Aslaug Vaa. Det har vore ei ære å få den tilliten.
– Sjølvsagt var det litt nervepirrande å framføre arkaisk telemarksdialekt for eit publikum med telemarkingar. Men mottakinga blei veldig fin, og det var mange som kom bort til oss etterpå og var nøgde. Spesielt moro var det å høyre frå dei som innrømte at dei hadde vore skeptiske på førehand, men som hadde blitt svært positivt overraska! held han fram