Liv Solveig Liodden Sørbø

Når tusj og tru møtest

Liv Solveig Liodden Sørbø finn styrke og meining gjennom kunsten sin, inspirert av tru og kalligrafi.

Publisert

Sola treffer auga mine i det eg går gjennom plassen ved Kvitsund Gymnas. Frå Tunhuset går vegen vidare mot eit søtt grått hus på ein liten bakketopp. 

Eg ser med ein gong at hagen blir brukt av nokre livlege born. Syklar og andre leiker ligg fint strødde utover. Våraktivitetane har starta her hos familien Liodden Sørbø.

På trappa møter eg Liv Solveig med eit stort smil om munnen. Det koselege huset ber eit tydeleg preg av kreativitet og liv. På veggane heng det måleri med bibeltekstar og ein gitar.

Sola varmar det store rommet som både er stove og kjøken. Liv Solveig fortel at eg kjem på ein roleg dag. Vanlegvis er det høg musikk i huset, anten frå høgtalaren med lovsong eller frå ulike instrument. Fleire av dei same bibelbileta heng i stova òg. Liv Solveig har nemleg ei hobbyverksemd der ho lagar og sel bilete på bestilling. Kjøparen kjem med ein bibeltekst som ein vil få illustrert, og Liv Solveig skriv og målar bileta. No har ho òg fått på plass ei nettside som heiter «bibelskrift.com».

Vidare fortel ho meg om reisa på korleis ho byrja med nettopp dette. Det var slett ikkje sjølvsagt at ho er der ho er i dag.

 

Det heile starta då Liv Solveig var ganske lita, rundt 8–10-årsalderen. Søstera hadde flytta ut og gjekk på lærarskulen i Notodden, på fritida var ho med på eit kalligrafikurs. Dette var noko som inspirerte attpåklatten Liv Solveig. Etter å ha fått kalligrafiutstyr i gåve auka interessa meir og meir. Det første ho lærte seg å bruke var splitta pennespissar til å skrive tradisjonell gotisk skrift.

I seinare tid fann Liv Solveig eit nytt konsept som ho likte betre. På engelsk heiter det «Brush pen». Det er tusjar med ein bøyeleg tupp som nesten fungerer som ein pensel.

– Og då vart eg nesten forelska i slike tusjar, så eg gjekk heilt over til det, fortel ho medan ho smilar ut vindauget.

Ho har og laga fleire bilete med akvarellmåling. På dette tidspunktet var det likevel ingenting som tydde på at tusjane og arbeidsbenken skulle få ein så sentral plass i livet hennar.

Det dampar av dei to tekoppane på kjøkenbenken. Begge i smaken peparmynte og lakris. Sola skin skrått inn på kjøkenbordet mellom oss, akkurat som om vi var i ei filmscene. Lyset er så blendande at vi nesten må skjerme for sola med hendene. Ho tek ein roleg pause før ho held fram med å fortelje.

Rundt 2022 gjekk Liv Solveig gjennom ein heftig runde med korona.

– Då vart eg eigentleg heilt slått ut, heilt ute av drift, fortel ho.

Liv Solveig Liodden Sørbø

Mykje som var lett, vart vanskeleg. Det prega livet til Liv Solveig. Likevel kom det velsigningar ut frå denne tida òg. Under ei møtehelg i Kviteseid opplevde Liv Solveig at Gud kalla henne til å selje bibelbilete til inntekt for menneske råka av krigen i Ukraina.

Heime var alt tilrettelagt slik at ho kunne byrje. Arbeidsbenken stod klar. Tusjane var på plass. Det var berre å setje i gang! Allereie veka etter var det første biletet produsert.

– Trass i alt som har vore tungt og kjipt, så har bibelskrift berre sprunge ut av det, seier Liv Solveig med iver og takksemd.

Før ho held fram, tek ho ein slurk av peparmynte- og lakristeen. På koppen står det «… but first, coffee», men ordet coffee er tusja over og erstatta med Jesus. Det var som om koppen sette ein strek under alt det ho hadde sagt.

På grunn av etterverknader av korona er ho ikkje i jobb. Liv Solveig har difor mykje tid til å vere både mamma, kunstnar og korpsmusikar. Sjølv om ho har det fint i den situasjonen ho er i no, fortel ho at det har vore periodar der ho har tenkt at ho må gjere «noko meir», som til dømes å studere.

– Men då er det akkurat som om Gud på sin forunderlege og milde måte seier: Nei, berre gjer dette du, ler Liv Solveig medan ein blyant blir dytta rundt på kjøkkenbordet.

Ho fortel om korleis energien og overskotet hennar påverkar bestillingane. I periodar der det har vore tungt eller travelt, er det som om ho får færre bestillingar. Når ho derimot har overskot, kan ho ha veggen full og mange oppdrag.

Sola har gått ned bak trea, tekoppane er tomme. Lyden av penn mot papir høyrest frå stova; eldste dottera har kome heim frå koret og byrja på leksene. Liv Solveig smiler og tek meg med til ein siste stad: «Galleriet». Mannen hennar skulle eigentleg lage eit hønsehus, men det vart for fint. No er det difor eit gjesterom. Det blir òg brukt som galleri for nokre av bileta hennar.

Inne på bordet hos Liv Solveig Liodden Sørbø ligg det eit tomt ark og ventar. Sidan 2022 har rundt 300 bilete forlate arbeidsbenken, og fleire vil kome.

Skrive­konkurranse

VTB og Vinjesenteret har invitert elevar på dei to vidaregåande skulane i Vest-Telemark til skrivekonkurranse.

Me bad elevane lage eit portrettintervju med ein interessant vesttele.

VTBs journalistar Kristin Tangen Tolo og Åshild Emma Solbjør har presentert prosjektet for elevane, som sidan då har fått oppfylging av lokalavisa sine journalistar.

Juryen har bestått av Line Omland Eilevstjønn, Samlaget, Ingebjørg Nestestog Edland, Vinjesenteret og Øystein Øygarden, redaktør i Vest-Telemark blad.

Alle elevane får ei personleg tilbakemelding, men juryen vil på generelt grunnlag seie at det var eit høgt nivå på alle tekstane med levande språk.

Dei fire finalistane er Sofie Othilie Ofte, Rakel Nødland Thorset, Mathilde Vegge, Karoline Aasen Storhaug.

Juryen rangerer finalistane slik:

1. Karoline Aasen Storhaug. Premie: 5000 kroner.

2. Sofie Othilie Ofte. Premie: 2000 kroner.

3. Rakel Nødland Thorset og Mathilde Vegge. Premie: 1000 kroner. 

 

Powered by Labrador CMS