– Eg håpar dei kjenner at eg var ein lærar som var flink til å sjå dei
Hamish Moore brenn for å skape eit trygt og inkluderande miljø for elevane sine.
Hamish kjem inn i rommet med eit smil som fyller heile døropninga. Han helsar varmt, som om han har venta på akkurat dette augeblikket. Det er lett å sjå at han er ein travel mann – men også at han er heilt til stades der han står.
Hamish Moore er ein gymlærar som har reist langt for å jobbe her i Vest-Telemark. Han kjem heile vegen frå New Zealand, og har tatt med seg mange aktivitetar og tankesett derifrå.
– Du veit, love – kjærleik tok meg hit!
Han møtte kona si i England, og saman flytta dei til Noreg. Her starta han først i ein kontorjobb, men det tok ikkje lang tid før han bytte jobb.
– Kona mi sa til meg: Du treng å ha meir kontakt med menneske.
Hamish har vore gymlærar ved Kvitsund Gymnas sidan 2009. Her jobbar han dagleg med å møte elevane og skape best mogleg miljø for alle. Han hadde aldri trudd han skulle vere på Kvitsund så lenge som han har vore no.
– Det er så fascinerande og motiverande å møte nye folk, og å verkeleg bli kjent med dei.
Han seier at grunnen til at han har blitt så lenge, er at det alltid kjem nye flotte og hyggelege ungdommar. Det synest han er motiverande. Samstundes synest han det er trist når dei reiser.
– Eg elskar at ungdom er optimistiske, og dei minner meg på at det skal eg vere òg.
Ei av dei viktigaste tinga Hamish har tatt med seg frå New Zealand, er «fist of five». Dette gjer han ved starten av kvar gymtime, alle rekkjer opp fingrar frå éin til fem ut frå korleis dei har det den dagen. Hamish fortel at gym er eit fag mange kan hate og grue seg til. Det at han veit korleis folk har det, gjer at han kan leggje opp gymtimen og justere korleis han skal møte elevane ut frå det dei viser.
– Det er ikkje berre for at eg skal kunne sjå elevane, men for at heile klassen skal kunne sjå kvarandre.
I tillegg er Hamish opptatt av at elevane sjølve skal kunne sjå seg rundt og merke korleis dei andre har det. Viss elevane veit at nokon har ein dårleg dag, kan det hjelpe den eleven til å få det betre.
– Viss alle startar på lik line, skapar det ei tryggleik i gruppa.
Hamish jobbar ikkje berre innanfor rammene som gymlærar ved Kvitsund. I tillegg til timane han har på skulen, skapar han nye leikar og idrettar utanfor arbeidstida. Dette gjer han for at alle elevane skal kunne ha same utgangspunkt i gymtimen. Han har også laga ein tursti opp til det lokale fjellet kalla Flåklypatoppen. Dette gjorde han for at elevane skulle få ein god moglegheit til å styrkje kondisjonen sin og kome seg ut i den fine naturen. Hamish bryr seg altså ikkje berre om karakteren kvar enkelt elev får i gym, men om dei som menneske – og ønskjer at dei skal utvikle seg best mogleg.
– Stopp litt opp, og sjå på naturen rundt. Verkeleg noko å vere takksam for.
Då eg spurde korleis han ønskjer å bli hugsa, svarte han:
– Eg håpar dei kjenner at eg var ein lærar som var flink til å sjå dei.
Han ønskjer å verkeleg skape relasjonar med elevane og håpar dei sit igjen med kjensla av at han likte dei. Dette seier han med eit glimt i auga. Han brenn for kvar elev og er opptatt av korleis kvar enkelt har det. Han ønskjer å skape eit godt og trygt miljø for alle – ikkje berre dei som likar gymfaget.