Eit kapittel i ei lengre historie
Ellen Ofte Jakobsen er sterkt knytt til heimen i Høydalsmo.
På høgre sida av europavegen gjennom Høydalsmo står det eit gamalt hus med ei spennande historie. Huset heiter Langgård – rett og slett fordi det er eit langt hus. Det vart bygd på 1890-talet og etter mykje vedlikehald er huset framleis lett å kjenne att frå gamle bilete.
Langgård har opp gjennom tidene vore pensjonat, postkontor, taxisentral, hotell, kyrkjelydshus og telefonsentral. I dag er det heimen til Ellen og Alf Jul.
Huset til Ellen Ofte Jakobsen og Alf Jul Jakobsen er stort og gamalt, men svært koseleg. Dei grøne vinduskarmane står i stil med det kvite, tradisjonelle panelet.
Inne på kjøkenet vert eg raskt tilbode både kaffi og kanelsnurr, og det er ikkje berre huset som gjev meg ei heimleg kjensle.
Før eg byrjar å prate meir med Ellen, får eg sjå det nyaste broderiprosjektet til Alf Jul. Alf Jul går tilbake til broderingskroken sin når eg og Ellen er i ferd med å starte.
– Eg tek på meg hovudtelefonar og jobbar vidare, seier han.
– Ja gjer det, så høyrer du ikkje alt eg har å seie om deg. Det får du lese om i avisa! svarar Ellen tilbake, og ler.
Travelt hus
Så har tida komen for at eg skulle få svar på spørsmåla mine.
– Kan du fortelje litt om deg sjølv?
Ellen ler meir. Og fortel.
Ho er fødd i 1961 og oppvaksen på Langgård, slik som far hennar. Ho har to eldre brør som flytta ut før ho vart fødd, og ei storesyster som ho vaks opp saman med. Saman med mor Karen (til dagleg kalla Kari) og far Jon, budde jentene i eit travelt hus med mange besøkande frå alle kantar. Jon var svært aktiv under krigen og var leiar for motstandsrørsla i delar av Vest-Telemark. Ellen fortel at far hennar delte mange historier frå krigstida, noko som skremde henne.
– Eg kan ikkje hugse at eg var veldig redd då han fortalde det, men då eg hadde mareritt handla det ofte om at eg var på flukt frå nazistane. Så det sette seg i meg på eit vis, seier ho og tek ein slurk av kaffikoppen.
Ei historie ho hugsar spesielt godt er historia om då far hennar vart arrestert for andre gong. I april 1945 kom tyskarane til Langgård for å arrestere Jon. Dei hadde då fått greie på mange av medlemmane i motstandsrørsla i Vest-Telemark, og kom for å ta Jon som var sjef for rørsla i Lårdal kommune, Kviteseid og Seljord.
Den natta tyskarane skulle ta han, budde det ein annan mann på hotellet som òg ville fått det dårleg om han vart teken. Dei kalla han for Nils, og Jon sørga for at Nils kom seg ut av hotellet og dermed slapp unna tyskarane. Jon vart sjølv tatt og frakta til Kvitsund, som då var ein tysk frontkjemparskule, før han vart sendt til Grini krigsfangeleir, utanfor Oslo. Heldigvis for Jon, tok krigen slutt før han vart sendt til Tyskland. Denne forteljinga og mange fleire, står i boka «Me ville vera med» som Jon var med å skrive i lag med mange andre.
Møtte vaktmeisteren
Etter grunnskulen, flytta Ellen til gymnaset i Bø, og vidare til ein bibelskule i Oslo. Der møtte ho den framtidige mannen Alf Jul Jakobsen, som arbeidde på bibelskulen som vaktmeister. Dei blei kjærastar tre veker inn i opphaldet og gifta seg hausten, året etter. Då var Ellen 20 år gamal.
I 1983 flytta dei til Horten, der Alf Jul hadde vakse opp. Då tok Ellen eit årsstudium i norsk på lærarskulen og arbeidde som redaksjonssekretær i to år.
Det å få ungar var ho ikkje heilt klar for enno, så den fyrstefødde kom i 1986, då Ellen var 25 år gamal. Medan Alf Jul tok lærarutdanning var Ellen heime med barnet, og etter eit halvt år som fulltidsmor, byrja ho å kjede seg. Då ringde ho til eit forlag og spurde om ho kunne bli bokomsetjar for dei. Det fekk ho. Moglegheita til å vera sin eigen sjef og disponere arbeidet slik ho sjølv ønskte, har gjort til at ho framleis trivst i jobben.
I Horten fekk dei tre born til, og var no ein familie med seks fullverdige medlemmar. Men Ellen og Alf Jul hadde begge ei indre overtyding om å flytte til Høydalsmo, og etter 13 år med om og men, blei dei høysekkar.
Tilbake på Langgård, bygde Ellen og Alf Jul eit liv for seg og familien. Alle borna gjekk på Høydalsmo skule og vidare på Kvitsund gymnas. No er Ellen bestemor til sju barnebarn frå alder 7 månadar til 16 år. Ho er også mykje engasjert i kommunepolitikken, der ho har sete i kommunestyret som representant for Kristeleg Folkeparti (KrF).
– Kva gjorde du då?
– Nei, det lurar eg òg på! svarar ho – og ler.
– Hovudmotivasjonen min med å vera lokalpolitikar er at om demokratiet skal fungere så må nokon vera villige til å ta den jobben.
– Kva er det vanskelegaste med å vera politikar?
Ho tenkjer seg litt om før ho svarar:
– Noko av det vanskelegaste er å sjå sakene i eit heilt bilete. Å skjønne kva konsekvensane blir, og vege dei opp mot kvarandre. Vurdere kva som er viktigast. Òg er det mykje å setje seg inn i, og lesa seg opp på.
Høyrer til
Ellen driv også mykje med frivillig arbeid. Alt frå den lokale Torsdagsklubben, til matlaging og administrering av lagskveld, til kjøkkengruppa i idrettslaget og drift av Elim pinseforsamling.
– Dei seier at sosial aktivitet er veldig viktig for å førebyggje demens, så eg trur me ligg godt an der! seier ho og smiler.
Livet i ei lita bygd kan vera veldig innhaldsrikt. Dette har Ellen bevist éin gong for alle. Langgård har ei lang, hendingsrik historie og Ellen og Alf Jul har no skrive sitt eige kapittel i husets veggar.
– Kvifor vel du å bu her i Høydalsmo?
– Det er jo stort sett her eg har budd. Her kjenner alle til kvarandre. Eg er for knytt, både til huset og til staden. Rett og slett for glad i det. Eg har ikkje lyst til å bu nokon annan stad. Eg høyrer til her.