Nå er denne gamle garden til sals. – Interessa er stor
Fredag vart Bakkane gard i Heimdalsgrenda i Treungen lagt ut for sal.
– Til no er det 18 personar som har meldt si interesse, og fem har meldt seg på visning, fortel landbruksmeklar Vegard Aadne i Landkreditt Eigedom tysdag.
Annonsen har også fått stor merksemd på nett. Sidan fredag har ho hatt rundt 10 000 klikk på Finn.no.
– Det er litt over snittet, seier Aadne.
Han har dei siste åra sett ei auka interesse for å kjøpe landbrukseigedomar.
– Det starta i koronatida, og så har det berre balla på seg, seier han.
Bakkane er eit gardsbruk med våningshus, stabbur og driftsbygningar, i tillegg til skog- og utmarksareal. Til eigedomen høyrer òg ei heihytte ved Teilagsvatn på Heimdalsheia. Eigedomen er på 5 900 dekar.
– Er ein glad i jakt, fiske og friluftsliv, så er dette midt i blinken, seier Aadne.
Han legg ikkje skjul på at bygningane er gamle og har behov for rehabilitering.
– Men det er ikkje lenge sidan det budde nokon der, så det er mogleg å bu der nå.
Det er Gunulf Heimdal som sist budde på garden. Han døydde i fjor, 97 år gamal, og det er arvingane hans som nå sel garden. Garden har ein prisantyding på 5,8 millionar.
Dei som har meldt si interesse for Bakkane gard kjem både frå Nissedal, frå nabokommunar i Telemark og frå Agder-området, fortel Aadne.
Sundag 10. mai er det visning på garden.