Bil har køyrd av vegen
Politiet melder at ein bil med to personar i har køyrd av vegen på Vråliosvegen (Fv38). Dei to har smerter, melder politiet. Naudetatane er på veg. Det same er bilbergar.
Oppdatert 19.01: Naudetane er ferdige på staden. Dei to involverte er frakta til sjukehus for sjekk. Føraren er ein mann i 70-åra frå Telemark. Førarkortet hans er beslagelagt. Det er ikkje kjent kvifor føraren køyrde i grøfta, men politiet har oppretta sak.
Ulykka har skjedd mellom Vrådal og Vråliosen.