Ingrid Svalastog Kollberg.

Gjennom lidenskap fører Ingrid tradisjonane vidare. – Eg er fødd 100 år for seint

Då Ingrid var lita kunne ho ta nykelen til safen, låse opp – og stirre på smykka som låg der. 

Publisert

I ein heimekoseleg verkstad i Omdal i Tokke møter eg Ingrid Svalastog Kollberg. Ho serverer ein rykande kopp te, og medan eg varmar hendene på kruset, sveipar blikket mitt over dei tømra veggane fulle av arbeidet hennar. Rommet pulserer av skaparglede, men også av ei ro som får ein til å senke skuldrene. Midt imot står Ingrid, ein lidenskapeleg sylvsmed, med eit hjarte for sylv. Eg ser på dei skinnande verka ho har laga, medan ho fortel om arbeidet som ligg bak. 

– Eg er fødd 100 år for seint, seier den 43 år gamle sylvsmeden, med sylv og anna bunadstilbehøyr rundt seg på alle kantar. 

Fulle utstillingsskap med søljer, bunadsknivar og tørkle lyser opp veggane rundt oss. 

– Kva meiner du med at du vart fødd 100 år for seint? 

– Eg verdset nærvær, seier ho og augnar nøgd papiret og pennen framfor meg. 

Når kundar kjem på vitjing, er det viktig for Ingrid at dei får ei god oppleving, ikkje berre eit godt sluttresultat. 

– Å ta seg tid er viktig, då høyrer ofte ein kaffi med, held ho fram. 

– Teknologi tek ofte vekk det, i tillegg er eg ikkje så god på det heller. 

– Tek det ikkje mykje av tida di?

– Ja, nokre gonger kan mykje av dagen gå til kundevitjing, men eg får hjelp tre dagar i veka, så det er veldig triveleg, svarar ho. 

Tidkrevjande handverk

Ho kan ikkje alltid sjå for seg korleis dagane blir, men det er viktig for henne at gjestene ser arbeidet som ligg bak det dei kjøper. 

– Eg har hatt folk som har spurt om dei kan kjøpe ei sølje til dagen etter, men det er vanskeleg å få til, fortel ho. 

Ein bør tinge eitt til to år i førevegen. 

– Det er eit tidkrevjande handverk, derfor likar eg å få folk engasjerte og vise arbeidet som ligg bak, seier ho. 

Sylvsmeden tek derfor nokre gonger med folk på delar av prosessen. Hos ho kan ein få vera med å designe sine eigne søljer. Ingrid er sjølv glad i å hjelpe par med å lage bryllaupsringar til kvarandre. 

– Eg trur opplevinga gjer at det kjennest meir personleg ut, og det er mange som blir fascinerte når eg tek dei med inn i verkstaden. Med eitt blir det spanande, og dei får ei forståing for arbeidet som ligg bak. 

Men korleis starta alt dette? 

Det var fleire i området der Ingrid vaks opp, på Mogane, som dreiv med sylvarbeid på fritida. 

– Eg takkar dei for at dei viste meg verka sine. 

Eg legg merke til dei grå arbeidsame fingrane hennar, før ho legg til at ho som lita kunne ta safenøkkelen til foreldra og sitje og stirre på smykka i safen ei lang stund. 

– Eg er nok litt sær, men eg har hatt mykje flaks, seier ho ettertenksamt. 

Ingrid kom inn på rett line på vidaregåande i Valle, og ho meiner ho var heldig som fekk ei så flott læretid. 

– Eg ringer framleis læremeistaren min viss eg treng hjelp til noko, seier ho og smiler. 

Ingrid er filigransarbeidar; ho lagar smykke og andre gjenstandar av sylvtråd og kuler for si eiga verksemd. Ho har halde på med sylvarbeid sidan ho var 10 år gamal. 

– Var det vanskeleg å starte for seg sjølv? 

– Det var mykje prøving og feiling, seier ho, men ein må berre hoppe ut i det. 

Det er mange ting ein ikkje tenkjer over at må på plass, utdjupar ho, men det fekk ho ikkje til å gje opp. Ingrid fekk god støtte frå dei rundt seg, og mannen hennar har vore ein viktig bidragsytar. 

Lagar lite til familien

Eg legg merke til øyredobbane hennar og spør om ho har laga dei. 

– Ja, det har eg. Likevel lagar eg ikkje så mykje smykke til meg sjølv og familien som mange kanskje skulle tru. Eg trur spesielt dottera mi synest eg burde prioritert ho noko meir i det eg arbeider med, seier ho med eit smil.

Ingrid både arbeider og bur på familiegarden, som husar tre generasjonar. 

– Korleis er det å jobbe og bu på same staden?

– Eg prøver å halde det separert og ha nokolunde vanlege arbeidstider, men nokre kveldar er eg her i verkstaden. Barna syntest nok det var kjipt då dei var yngre. 

– Har du ei morosam historie å komme med? Eller noko kjipt som har hendt? 

– Nei, men det er litt kjedeleg at eg ikkje kan ta med hunden på jobb. Sidan han finn på revestrekar, den tjuven, ler ho. 

Etter å ha snakka med Ingrid, sit eg att med eit inntrykk av sylvsmeden som ønskjer å skape engasjement bak tradisjonshandverket. Ho brenn for å skape minne og opplevingar gjennom forståing av arbeidet bak den norske kulturarven. Kanskje er det nettopp derfor folk kjem tilbake – for å møte ei som let både menneska og sølvet få skinne. 

Skrivekonkurranse

VTB og Vinjesenteret har invitert elevar på dei to vidaregåande skulane i Vest-Telemark til skrivekonkurranse.

Me bad elevane lage eit portrettintervju med ein interessant vesttele.

VTBs journalistar Kristin Tangen Tolo og Åshild Emma Solbjør har presentert prosjektet for elevane, som sidan då har fått oppfylging av lokalavisa sine journalistar.

Juryen har bestått av Line Omland Eilevstjønn, Samlaget, Ingebjørg Nestestog Edland, Vinjesenteret og Øystein Øygarden, redaktør i Vest-Telemark blad.

Alle elevane får ei personleg tilbakemelding, men juryen vil på generelt grunnlag seie at det var eit høgt nivå på alle tekstane med levande språk.

Dei fire finalistane er Sofie Othilie Ofte, Rakel Nødland Thorset, Mathilde Vegge, Karoline Aasen Storhaug.

Juryen rangerer finalistane slik:

1. Karoline Aasen Storhaug. Premie: 5000 kroner.

2. Sofie Othilie Ofte. Premie: 2000 kroner.

3. Rakel Nødland Thorset og Mathilde Vegge. Premie: 1000 kroner. 

Powered by Labrador CMS