Vinje Goats (i blått) møtte Midt-Telemark Beavers til treningskamp.

Historisk dag for Vinje Goats

Laurdag vart ein historisk dag for Vinje Goats. Då spelte dei sin aller første heimekamp på eigen heimebane.

Ny poengtavle og nye korger har vorte kjøpte inn i Vinjehuset for å kunne gi endå betre tilhøve for basketball i Vinje. Dette er eit viktig steg for klubben, som dei siste åra har arbeidd målretta for å byggje opp eit godt tilbod for barn og unge i bygda.

På laurdag kunne det nye utstyret bli innvigd av Vinje Goats U13 då Midt-Telemark Beavers kom på besøk til ein spennande treningskamp. Begge laga er relativt ferske når det gjeld basketballsatsing, men ute på banen viste spelarane både solid samspel, god innsats og imponerande treffsikkerheit. 

Publikum fekk sjå fleire fine angrep, godt forsvarsspel og ekte speleglede. Engasjerte tilskodarar bidrog til god stemning, noko som skapte ei flott ramme rundt arrangementet.

Trenarane Luke Tennant og Teo Nestestog Tennant var særs stolte av U13-gutane, som leverte ein sterk laginnsats for å sikre sigeren. 

Vinje Goats ønskjer å rette ein stor takk til Midt-Telemark Beavers og ser fram til fleire møte i tida som kjem.

Vinje Goats U 13 – bak f.v. Teo Nestestog Tennant (trenar), Dominykas Marcinkonis, Mubarek Nasser Suleiman, Amund Hylland, Heine Vinjerui-Bergland, Aasmund Nordstoga, Luke Tennant (trenar). Framme f.v. Samuel Nasser Suleiman, Tarjei Hylland, Halvor Holte Hylland, Ragnar Eriksen Rorgemoen.

Tekst og foto: Vinje Goats

Powered by Labrador CMS